Gull i grøne skogar
Har du ikkje høyrt om Tommy Strengelsrud, som tok NM-gull no i juni, pluss sølv i lagkonkurransen – aleine? Då er du ikkje sportsfiskar.
Tommy Strengelsrud i eit av fleire yndlingselement: Pasvikelva, nær grensa til Russland, med aure.
Foto: Niklas Strengelsrud
Det er ein del smale noregsmeisterskap for tida: gateritt, hiphop, feltpistol og undervassrugby, blant anna, og det Tommy Strengelsrud sigra i: trad. meite – tradisjonelt meitefiske. Det er meir vanleg å drive med det dei kallar moderne meite, men trad. meite går for å vere den eldste og mest utbreidde forma for fiske.
– I moderne meite får du tildelt ein plass, og der sit du, med ei 13 meter lang stong, i fire timar, forklarer Strengelsrud, som har deltatt i VM fem gonger.
– I trad. meite får du gå kor du vil, så då handlar det ikkje om flaks. Kunsten blir å finne fisken.
I dag er det berre i Noreg, Sverige og Finland at ein konkurrerer i trad. meite.
– Noreg er uansett ein miniputtnasjon. Dei som leier an, er franskmennene, italienarane og britane. I Storbritannia er det tre millionar meitarar.
Bushen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.