Diktet
Hans Hyldbakk (1898–2001)
Foto: John Rimstad / Tingvoll kommune fotoarkiv / Wikimedia Commons
For oss som vaks opp i Surnadal på 1950–60-talet, var Hans Hyldbakk (1898–2001) diktaren. Med sin skarpe penn krydra han kvardagen vår. Han var journalist, bygdebokforfattar og poet. Han skreiv romantiske dikt om fjord og fjell, men det var dei burleske dialektdikta om lokale hendingar og personar som gjorde han populær.
Far min og Hans var gode vener, og difor vart eg tidleg oppflaska med Hans-sitat. Men eg dyrka musikken. Klassisk og populærmusikk. Da eg byrja leite etter dikt eg kunne tonesette, låg diktsamlingane Hans gav ut, klare til bruk, og sommaren 1969 tonesette eg «Fridomsvegen».
Når var diktet skrive? Kanskje før krigen? Og kva var det som gjorde at eg valde dette diktet? At det song i meg?
Det var dialektdikta eg lika best, men Hans ville helst stå fram som ein seriøs poet og favoriserte nynorsk. I respekt for han bestemte eg meg for at mitt første forsøk på å tonesette dikt skulle vere på nynorsk.
I tillegg var det biletbruken. Diktet er ganske tradisjonelt med rim og rytme, men har ei sterk sjølvopplevd kraft. Det er skrive av ein husmannsgut som hadde kjent på kroppen det han skreiv om. Og her er bilete som går att i mange av dikta til Hans: dei små sett opp mot dei store, rettferd, vårsong, lys og håp, kors og tempel. Bilete som fortel om kven Hans var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.