Musikk

Hatten på

Denne helga, to veker etter at dei vann Spellemann, står Embla and the Karidotters på scena på Stagecoach, verdas største countrymusikkfestival, og klyper seg litt i armen.

Embla and the Karidotters er (f.v.): Simen Følstad Nilsen (pedal steel, gitar, piano og kor), Marie Moe (bass og kor), Embla Karidotter (vokal, gitar, låtskrivar) og Nils Jørgen Nilsen (trommer).
Embla and the Karidotters er (f.v.): Simen Følstad Nilsen (pedal steel, gitar, piano og kor), Marie Moe (bass og kor), Embla Karidotter (vokal, gitar, låtskrivar) og Nils Jørgen Nilsen (trommer).
Publisert

How the heck, som dei seier, hamna Embla Karidotter, trommisen i indie-/ska-/popbandet Razika – dei som fekk heile landet til å synge at du får vondt i hjartet når du mistar jomfrudommen – i tjukkaste, tørraste USA, med band, cowboyhatt og sjølvskriven honkytonk?

– Det som skjedde, var at då eg såg at Nikki Lane, eit ikon for meg, skal spele på Bergenfest i sommar, sende eg henne ei skamlaus melding: «Eg vil gjerne vise deg Bergen og ta ein øl. Eg har høyrt på deg sidan starten og gleder meg til å sjå deg live. Eg er countryartist og skal spele sjølv.»

Og Nikki Lane svarte: «Holy cow, ein norsk countryartist! Eg har sett namnet ditt! Do you want to come to stagecoach us

– Eg berre… «Stagecoach?!» Kva meiner ho? Er det eit verb? Betyr det «å guide», liksom? Eller skal eg ta ein låt med dei på scena? Eg måtte google ordet, og opp kom hestekjerrer. Og festivalen, då.

For ikkje å verke kjepphøg skreiv ho at ho gjerne ville stagecoach Nikki Lane og bandet rundt i Bergen.

– Ho svarte at nei, ho ville ha meg til countryfestivalen Stagecoach US, til Horseshoe-scena, som ho har ansvar for.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement