Hende alt som hende vil

Er no eigentleg 1890-åra til forveksling lik 2000-talet?

Publisert

«Kolbotnen stend på same staden som ifjor. Savalen bugtar seg blå og blank millom øyar og skog-nes ut-yvi og ut-yvi som då. Tronfjell stig barmbreidt og akselsterkt ende upp i sky som då, sveipt i blå luft som i eit stykke himil. Der er slik trygd i det.»

Det er noko forbløffande med å lese Arne Garborgs Kolbotnbrev her oppe på Bratthø, ikkje langt frå Savalen og Garborgs Kolbotn. Som eg har nemnt tidlegare, ser vi ut over det same landskapet som Garborg skildrar i tekstane sine, meir enn hundre år før. Då meiner eg nett det same. Her har ingenting endra seg. Vi ser dei same fjella, innsjøen, nokre fjellvatn, vi ser det lysande gule reinlavet langs heiane. Vi ser og høyrer heiloa, som Garborg skriv så vakkert om i Haugtussa – den melankolske fuglen som målber stemma til kvar ei sorgtung sjel. Og vi har heller ikkje straum, ikkje innlagt vatn, for oss er det òg strabasiøst å kome til og frå – og å leve der. Om vinteren blir det gjerne minus 30 grader.

Moderne Garborg

Dette gjer at ein kjenner seg tett på Garborg og skildringane hans av det røffe livet Hulda og han hadde i Østerdalen anno 1880- og -90-åra. Men det er ikkje berre det som gjer at ein opplever Garborg som ein samtidig. Fritenkjaren, den tvisynte, humoristen, satirikaren og oppviglaren talar så moderne og klårsynt til oss gjennom romanane, diktverka og kanskje aller mest breva og essaya sine. Det er noko med tonen som gjer at han like gjerne kunne snakka frå i dag. Her er han den reinaste 1990-talsironikaren, då han skriv om at Hulda kjem inn i livet hans:

«Pengesorgine tok til å koma etterkvart; og so er det desse gjentesorgine ein ungkar jamt skal hava å dragast med. Ja; for no, då eg hev mist det meste av håret mitt, og tri jekslar, og dertil mitt gode namn… no var det ei som tenkte at dette kunde vera noko å gifte seg med. Og då eg etterpå alt hadde mist posten min, vart det reint gildt; ho kunde ha fylgt meg til byfuten med det same.»

Fly over torvtaket

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement