Kunst

iPad-bassenget på Stortinget

Også i år er Dag og Tid-teiknar May Linn Clement ei av ti avisteiknarar som er utstilte i nasjonalforsamlinga.

Teikninga stod på trykk i Dag og Tid 31. mai og illustrerer eit essay skrive av Morten A. Strøksnes.
Publisert

Kvart år blir ti avisteikningar frå året før valde ut til å pryde veggen på Stortinget. Eit av verka som blei presenterte på utstillingsopninga denne veka, er teikna av Dag og Tid-teiknar May Linn Clement. Teikninga stod på trykk i Dag og Tid 31. mai og illustrerer «iPad-bobla som brast», eit essay av Morten A. Strøksnes.

Teikninga viser barn som er i ferd med å drukne i eit «iPad-basseng», og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun som held fram ei livbøye.

Også i fjor hang eit Clement-verk i korridoren: Jon Fosse under utdelinga av Nobelprisen i litteratur 2023.

Viktig kunstform

I opningstalen kommenterte stortingspresident Masud Gharahkhani det at avisteikningane blir færre. Avisteiknaren er gjerne den som må gå først når mediehusa må spare pengar, og teiknarar som går av med pensjon, blir ikkje erstatta med nye.

– Vi blir alle fattigare om avisteikningane blir borte, sa han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement