Iran med åtvaring mot Charlie Hebdo
Det franske satiremagasinet Charlie Hebdo har publisert teikningar av ayatolla Ali Khamenei som har fornærma Iran djupt.
Ayatollah Ali Khamenei.
Foto: AP / NTB
Iran fordømer teikningar publiserte i det nyaste nummeret av Charlie Hebdo og har via ei twittermelding frå utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian varsla «effektiv respons», ifølgje nettavisa Politico.
Det franske satiremagasinet publiserte onsdag det som er vinnarteikningar frå ein konkurranse magasinet utlyste førre månad der dei oppmoda presseteiknarar om å sende inn dei styggaste og mest morosame karikaturane sine av Ali Khamenei, skriv Politico.
Sjefredaktør Laureent Surisseau i Charlie Hebdo skriv i ein leiarartikkel at karikaturane er publiserte for å syne støtte til iranske kvinner og menn.
– Dette er ein måte å syne støtta vår på til iranske menn og kvinner som risikerer livet for å forsvare fridomen mot teknokratiet som har undertrykt dei sidan 1979, skriv Sourisseau, ifølgje NTB.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.