Diktet
Ivar Aasen: Lovtale yver Culturen (utdrag)
Noregs første rapp på nynorsk? Ivar Aasen (1813–1896) som rappar? Synest eg ser han for meg. Lett vrikkande med veivande hender og mikrofon langt inne i kjeften. Jau då, det er eit fascinerande bilete.
For meg er «Lovtale yver Culturen» eit dikt som ein kan stryke i. Hente ut det ein treng i ulike samanhengar. I teateret er dette heilt vanleg. Vi stryk vers i salmar og songar, men med dikt er vi meir forsiktige. Dikt er ofte kortare utsegner og blir oppfatta som eit lite kunstverk. Men er dette eit dikt? Eit laaaangt dikt? For meg er dette absolutt eit dikt. Eit musikalsk dikt av ein glitrande rimsmed.
Aasen har truleg laga mange av tekstane til kjende melodiar. Reidar Djupedal fortalde meg at Aasen lærte tonen til «Dei vil alltid klaga og kyta» av ei jente som arbeidde på eit hotell i Bergen?! Kanskje det? Og kanskje laga den musikalske Ivar sjølv enkelte av melodiane?
Far min siterte ofte Ivar Aasen. Så då eg saman med NRK P2 og Kirkelig Kulturverksted sette neonlys på Aasen i 1986, var mange av visetekstane gamalt nytt. Men «Lovtale yver Culturen» var ny og vart den store overraskinga for meg. Ein tekst der Aasen briljerer med skarpe rim og kommentarar til samtida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.