Kunngjeringar

Kakelevering

Marsipanlokket har sklidd av den øvste delen og rivna fleire stader.

Publisert

Bryllaupskaka til Gunn Margit og Lars har tre etasjar. «Størst av alt er kjærleiken», står det under namna deira på den øvste delen. 

Når Jan svingar for brått, sklir eskene litt rundt i lasterommet på Caddyen. Det siste vegstykket bort til grendehuset kan i nauda kallast ein veg. Full av djupe hòl og steinar som stikk opp i hytt og vêr. Han prøver å ta det med ro. Folk tenkjer ikkje på at nokon må frakte kaka trygt fram, når dei giftar seg langt uti gokk.

Han som har ansvaret på kjøkenet, er rasande og ringjer bakeriet og spør kor kaka blir av. Dei seier at ho er på veg, og gjev motvillig frå seg telefonnummeret til sjåføren. Jan svarer ikkje. Telefonen er slått av eller er i eit område utan dekning. «Legg att ein beskjed etter pipetonen», seier ei stemme, men det blir ikkje gjort.

Vanlegvis er det ikkje Jan som køyrer ut og monterer kaker, men han har gjort det nokre gonger, og fått det til før. I enkelte parti er farten så låg at det truleg hadde gått raskare å bere kaka til fots. Men så gløymer Jan seg vekk ein augneblink og skyt litt fort ut av ein sving; framhjulet på høgre side treffer eit digert hòl. Ringjetonen frå telefonen til Jan blandar seg med dunkelydane frå lasterommet.

– Hallo, det er Jan.

– Er det du som er på veg med bryllaupskaka?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement