Musikk

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

I Vestland er det i dag fem vidaregåande skolar med musikk-, dans- og dramalinjer (MDD), til saman 174 skoleplassar per årskull. 90 av plassane er lokaliserte i Bergen. I eit forslag til langtidsplan som no er ute til høyring, er det foreslått å legge ned musikklinjene både på Voss og Stord, til saman 30 elevplassar per kull.

I fjor var det tilsvarande linjer i Trøndelag som hadde hovudet på blokka, året før gjaldt det Sortland vidaregåande i Nordland. Slikt skaper høg temperatur, både lokalt og i det nasjonale kulturfeltet.

Viktig miljøfaktor

Ein av dei som er nedslått over forslaget frå Vestland fylkeskommune, er Håvard Vambheim Styve, rektor ved Voss gymnas. Musikklinja på Voss har vore foreslått nedlagd før, og han er redd det blir alvor denne gongen.

– Sist blei resultatet at vi fekk ei halv klasse musikk saman med ei halv klasse KDA (kunst, arkitektur, design). Etter samanslåinga har vi hatt full klasse kvart år, så dette er eit tilbod ungdommane i regionen ønsker seg, fortel Styve.

Rektoren held musikklinja fram som ein viktig miljøfaktor ved Voss gymnas.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement