Bok
Kapellanen og biskopen
For meg står Andreas Aarflot og Helge Hognestad som to søyler i Den norske kyrkja som folkekyrkje.
I
På Litteraturhuset i Oslo 8. mai i år møttest Andreas Aarflot (95) og Helge Hognestad (83) for fyrste gong sidan dei skilde lag i 1984, då Hognestad hadde fått valet mellom å slutte som prest eller å verte statsstipendiat. Han valde det siste etter ein langvarig konflikt mellom biskopen og kapellanen hans. I 1980 hadde Hognestad måtta innsetje seg sjølv som kallskapellan i Høvik kyrkje, då Aarflot som Oslo-biskop ikkje hadde vilja gje han velsigninga, såkalla kollas.
Ifølgje biskopen var Hognestad med sin radikale teologi på kollisjonskurs med sentrale delar av kyrkjelæra: blant anna synet på Bibelen som eit historisk dokument, på Gud som ei kraft og ikkje ein person, og på mennesket som eit syndig vesen som måtte frelsast ved Kristi soningsdød.
Kristendomen måtte ifølgje kallskapellanen frigjerast frå dei dogmatiske lenkjene til kyrkja om han skulle opplevast som kjærleikens evangelium. Hognestad rokka òg ved den privilegerte stillinga til kristendomen, sidan det transcendente, det «overnaturlege», kunne gripast også i ikkje-konvensjonelle religiøse former. Dette kom til å verte heilt sentralt i Hognestads åndelege orientering etter Høvik.
Møtet mellom Hognestad og Aarflot skjedde ved lanseringa av Jan Ove Ulsteins andre bind om «oppbrotsteologien på det lange 70-talet»: Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling – ikkje akkurat ein tabloid boktittel! Men det er utvilsamt eit viktig kyrkjehistorisk verk Ulstein har gjeve ut. Boka er ei anerkjenning av Hognestads uomtvistelege innverknad, ikkje frå ein av hans likesinna, men ei vestlandsk anerkjenning frå Volda. Ikkje lite berre det. Eg var langt meir kritisk til Ulsteins fyrste bind om det venstreradikale hamskiftet i kyrkja (Dag og Tid 13. mai 2022). Denne kyrkjelege vendinga råka meg sjølv i liten grad, sidan eg rundt 1970 forlét kyrkja og teologien og gjekk over til politikken, politikken som politikk, ikkje som kyrkjepolitikk.
Sjølv var – og er – eg langt meir tiltrekt av den djupare, eksistensielle dimensjonen ved Hognestads tale og skrift. Eg stod han nær, svært nær, gjennom ein femtenårsperiode frå midten av 1970-åra. Vi vart kjende då stipendiat Hognestad dukka opp på seminaret mitt ved Institutt for sosiologi på Blindern. Hognestad var også den gongen ei søkjande sjel som søkte seg ut over den familiære, teologiske krinsen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.