Litteratur
Kapital, kjærleik og Scandinavian Star
Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.
Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.
Foto: Albert Madsen
Den danske forfattaren, som no er ute på norsk med del 2 i serien som skal bli på sju romanar, er i ferd med å oppnå status som nordisk litteraturstjerne. Djevelboka har det til felles med første bind, Penger på lomma, at det som skjedde om bord på «Scandinavian Star» natt til 7. april 1990, berre finst som referanse eller omdreiingspunkt for handlinga.
Forfattaren trur ikkje at ho etter så mange år kan grave fram ny informasjon, men kanskje nye perspektiv. Eitt perspektiv især: det kapitalistiske, som kviler tungt også over Djevelboka. 36-åringen fortel at to ting har vore styrande for prosessen med denne serien.
– For det første går eg til bøkene mine med eit håp om at dei, både for meg sjølv og for lesarane mine, skal gjenopne førestillinga om at verda kan vere annleis. Så trur eg òg eg leiter etter ein måte å kunne elske verda på. Båe desse måla er knytte til eit politisk prosjekt om ei anna verdsordning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.