Katten i pengesekken
Hello Kitty har blitt 50 år. Ho er turistambassadør, og ho har generert milliardar av yen. Sjølv kan ho ikkje uttale seg om kvifor folk kjøper henne.
Hello Kitty vinkar til tusenvis av tilhengarar under den årlege japanfestivalen i New York 11. mai.Hello Kitty vinkar til tusenvis av tilhengarar under den årlege japanfestivalen i New York 11. mai.
Foto: Charles Sykes / AP / NTBFoto: Charles Sykes / AP / NTB
Det var ein gong ein japansk gründer, Shintaro Tsuji, som selde litt av kvart gjennom firmaet Sanrio. Han innsåg at dei selde fleire plastsandalar og -portemonear viss dei var pynta med eit jordbær eller liknande. Han bad nokre grafiske designarar, blant andre Yuko Shimizu, utvikle nokre figurar, og dei måtte vere kawaii, det vil seie nusselege.
Shimizu teikna ein søt kvit kattunge – eller nei, Hello Kitty har vêrhår, men er ei ordinær søt jente, Kitty White, som bur i eit ordinært hus i lag med ein ordinær familie. Kitty har til og med ein katt, Charmmy Kitty, ei merkevare i seg sjølv.
Det Kitty ikkje har, er munn.
– Det er noko av det geniale ved henne, seier folklorist Kristian A. Bjørkelo.
– Hello Kitty uttrykker ingen kjensler, for ho skal spegle kjenslene dine.
Fordi ho er teikna så enkelt, er ho anvendeleg. Ein skal kunne projisere sitt eige humør og sin eigen identitet over på figuren. Ho kan vere barn, tenåring og vaksen, einstøing eller supersosial, tøff eller skjør, alt etter kven som ser på henne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.