Kina styrer mobben på nettet

Kinesiske styresmakter nyttar nasjonalisme og den digitale gapestokken for å få kritiske røyster til å teie.

Logoen til Weibo, ei av dei mest populære medieplattformene i Kina. Staden ein Weibo-brukar skriv frå, blir no synleg for alle som les innlegga til vedkomande.
Logoen til Weibo, ei av dei mest populære medieplattformene i Kina. Staden ein Weibo-brukar skriv frå, blir no synleg for alle som les innlegga til vedkomande.
Publisert

I mange år har kinesiske styresmakter nytta ymse verkemiddel for å sensurere og kontrollere ordskiftet på nettet. Kritiske innlegg har blitt sletta, kontoar har blitt suspenderte og dei mest kritiske røystene har blitt kasta i fengsel. No nyttar sensorane eit nytt grep, fortel The New York Times: Styresmaktene som regulerer nettet i Kina, sørgjer for at den fysiske staden som nettbrukarane skriv frå, blir synleg på sosiale medium.

Til dette bruker dei den unike IP-adressa som kan identifisere kvar datamaskin på nettet. Om nokon som ytrar seg kritisk mot makta i Kina, held til i utlandet, utløyser det ofte massiv hets og sjikane frå nasjonalistiske kinesarar, skriv The New York Times.

Kritikarane blir skulda for å vere utanlandske propagandistar eller spionar for andre land. Regimetru, patriotiske «influencerar», som det er svært mange av i Kina, fører an i hetsen. Dei kritiske skribentane blir gjerne rapporterte til styresmaktene eller til eigarane av medieplattformene og kan få kontoane sine sletta.

Dei kritiske røystene treng ikkje eingong halde til i andre land for å få slik mottaking. Det kan vere nok at IP-adressa syner at dei skriv frå ein provins som blir oppfatta som mindre patriotisk enn andre. Dei som kjem med kritikk frå kystprovinsar nær Hongkong, kan til dømes bli hengde ut som separatistar.

Propaganda

Merkinga av innlegg med staden der brukaren held til, skal først ha blitt nytta på innlegg om den russiske invasjonen i Ukraina. Kinesiske styresmakter hevdar at dette emnet var særleg utsett for «utanlandsk propaganda». Seinare har praksisen blitt utvida til fleire tema og fleire nettmedium.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement