Kunst

Klasseperspektiv, amming og sagspon

I september fekk Anna Ihle Haustutstillingsprisen, og 7. oktober opna utstillinga To Break Up With Forms, på Nitja senter for samtidskunst i Lillestrøm.

Anne Ihle på Nordisk Kunstnarsenter Dale i september 2023. Der jobba ho med verk til utstillinga på Nitja.
Anne Ihle på Nordisk Kunstnarsenter Dale i september 2023. Der jobba ho med verk til utstillinga på Nitja.
Publisert Sist oppdatert

Dei svære mursteinsbygningane til det gamle nedlagde bryggeriet Tou aust i Stavanger husar i dag alt frå vinylplatetrykkeri, pub og konsertscene til kunstatelier. Anna kjem joggande nedover trappa, sender mann og barn ut døra og viftar meg inn.

Det er berre ein og ein halv time til 82 kunstnarar i regionen skal opne ateliera sine for publikum. Anna viser veg inn på atelieret som ho deler med ein anna kunstnar. Kaffien blir servert, og me set oss ned i to lenestolar midt på golvet.

Ingen blir for mektig

– Kva betyr det for deg å få vere med på Haustutstillinga?

– Det er utruleg gøy. For meg har Haustutstillinga vore ein plass der eg har fått oppleve samtidskunst lenge før eg visste kva samtidskunst var. Eg har også vore i juryen i to år, og det må vere den kjekkaste betalte jobben eg nokon gong har hatt. Utstillinga har eit stort publikum, og det er ein sjanse til å oppleve svært ulik kunst. Eg elskar at utstillinga alltid er i endring, men på eit vis også den same.

Ho har ofte oppdaga nye kunstnarskap der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement