Kontekst er alt
Tek du eit brotstykke ut av eit kunstnarisk verk, tek du heilskapen med det same. Difor bør det verte fleire mobilfrie kulturarrangement.
Publikum måtte låsa inn mobiltelefonane sine då Louis C.K. hadde standupshow i Bergen førre helg.
Foto: May Linn Clement
– Har du nokon gong hatt eit dårleg år? Alle har hatt dårlege dagar, men 365 forferdelege dagar etter einannan?
Amerikanske Louis C.K. opna standupshowet sitt i Bergen førre helg med å snakka om året me ikkje høyrde noko frå han. Etter at det i november 2017 vart offentleg kjent at han seint på 1990-talet og tidleg på 2000-talet masturberte framfor fem kvinner, har han halde låg profil. Louis C.K., som eigentleg heiter Louis Szekely, misbrukte makta si, han orsaka og trekte seg tilbake. No byggjer komikaren seg opp att, og eg ynskjer han velkommen. Eg trur han vil gje verda meir som aktiv enn som arbeidslaus komikar.
Showa i Bergen var i klassisk Louis C.K.-stil, der han bruka seg sjølv og hangen til å sjå det absurde i tilværet. Livssituasjonen er klart annleis no enn før fallet. Tidlegare var han rik og vellykka, no snakka han om å eta middag åleine på restaurant medan folk viser han fingeren, og om ei mor som trur at all avisomtale er positiv for sonen på 51.
Billettane til showa på utestaden Rick’s vart snart utselde. Eg sikra meg sete både fredag og laurdag, og registrerte at ein del av materialet var ulikt desse kveldane. Louis testa ut nytt materiale for på sikt å kunna gje ut ein ny spesial, som er eit timelangt show.
Mobilforbod
Gjestane måtte låsa inn mobiltelefonane sine då Louis C.K. vitja Rick’s-scena, og showet hadde sitatforbod. Dagbladet karakteriserte dette som ekstreme sikringstiltak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.