Kunsten å skru seg

Denne helga, laurdag 26. august, er det VM i døds. Her har Asbjørg Nesje – 24 år, trønder og NTNU-student – eit visst press på seg.

Det dreier seg om både mot og estetikk. Her dansar Asbjørg Nesje under VM i døds på Rådhuskaia i Oslo i 2022.
Publisert

Veka før Asbjørg Nesje kastar seg ut frå timeteren i VM i Frognerbadet i Oslo, ligg ho på 8. plass på verdsrankinga. Ikkje berre er ho regjerande verdsmeister i kvinneklassa; tidlegare i sommar vann ho Døds World Tour Utah – over Jon Nyberg, som blei kåra til USA-meister i same meisterskapet, og norske Emil Lybekk, som tronar på rankinglistene.

VM er altså kjønnsdelt, mens andre dødsemeisterskap ikkje er det. I fjor deltok berre tre kvinner. I år blir dei truleg åtte.

– Det er kjekkare å delta i blanda klasse, men vi er få kvinner i dødsesporten, så hadde ikkje VM vore delt, hadde det blitt vanskeleg å få inn fleire, fortel Nesje, på veg heim frå Frankrike, der ho har hatt ferie og sikkert gjort sånt som dødsarar liker, som å hoppe frå bruer og klipper.

No gjeld det å henge i å førebu seg.

– Eg må hoppe frå timetertårn og få inn landinga. Klippehopp er gøy, men det gir ikkje god konkurransetrening, sidan ein har varierande takeoff og høgde. Eg har idear til nye triks, og så må eg trene på dei eg har inne. Det gjeld å ha sin eigen stil, å legge sin eigen touch på det.

Vi bør ikkje røpe kva triks ho har tenkt å gjere, i ei avis som kjem ut dagen før VM, men berre så det er sagt, tar Nesje såkalla 1440-ar – fire rotasjonar rundt sin eigen akse – og 720 med grab. Ho står bak den høgaste 720-en i verda, uavhengig av kjønn, frå ei 24,8 meter høg nedlagd oljeplattform, Albuskjell, der NRK-programmet Norges tøffeste blir spelt inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement