Kunstnaren som berre ønskte å bli elska
Få år før han døydde, sa kunstnaren Kjartan Slettemark: «Jeg har skapt disse tingene for å bli elsket. Og for å kunne elske meg selv.» No har han fått ein biografi som langt på veg syner at dette er sant.
Kjartan Slettemark tek imot Norsk kulturråds ærespris for 2001.
Foto: Knut Fjeldstad / NTB
Med boka Kjartan Slettemark. Kunsten å bli sett har Anders Gjesvik gitt kunstnaren som i fleire år var Noregs mest utskjelte, eit portrett som hentar fram mange aspekt av ein høgst original kunstnarskap og eit merkeleg kunstnarliv. Det kosta tid og kamp å vinne forståing og gjennomslag, aller mest i heimbygda Naustdal. Der var motstanden hard og langvarig, men den endelege sigeren desto søtare.
– Trur du at kunsten, og måten han skapte han på, var det einaste alternativet Kjartan Slettemark hadde?
– Eg sit med ei oppleving av at han ikkje hadde noko val, at kunsten var den einaste vegen han såg. Svært fomlete i ungdommen, men så tek dette til å utkrystallisere seg som vegen han kunne gå. Eg trur ikkje det hadde med medviten berekning å gjere, snarare sprang det ut av eit litt intuitivt behov.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.