Litteratur
Kva er det med Jon Fosse?
Når Jon Fosse er blitt eit verdsnamn, kjem det både av at han har treft ein streng i menneskesinnet med sine kvardagsnære skildringar, og av at «tidsånda» har vore på hans side.
Frå framsyninga av Sønnen på Hålogaland Teater.
Foto: Marius Fiskum
Nokre paradoks svever over denne forfattarskapen. Han blir spelt og lesen i alle verdsdelar, likevel er det mange som ikkje kan tenkje seg å lese ei Fosse-bok, eller som legg boka frå seg etter få sider. Og kor mange er det som vil sjå teaterstykka hans? Likevel er han universell? Kva er det i så fall som gjer litteraturen hans universell?
Den viktigaste forklaringa er sjølvsagt kvalitet, men det åleine er ikkje nok. Mest opplagt er nok tematikken og personane han skildrar. Det var med scenetekstane han først vann seg eit internasjonalt namn. Mange må openbert kjenne seg att i det kvardagslege livet Fosse skildrar i stykka sine. Han har opplagt råka ein streng i menneskesinnet med si røyndomsnære dramatisering av vårt moderne liv. Dei første stykka hans kom på ei tid då skrik og hyl, vald og utagering hadde dominert mykje av den europeiske teaterscena. Tidsånda var truleg rett for eit alternativ, ei ny vending mot det indre, det reflekterande og stille.
Verdslitteratur
Felles for personane Fosse skildrar, alle behandla med same varme og lojalitet, er at dei enten er heilt vanlege kvardagsmenneske ein lett kan identifisere seg med, eller sosiale outsiderar. Slike finst overalt, og slike kan det bli skapt verdslitteratur av. Interessant nok synest det å gå eit skilje i forfattarskapen på dette punktet. Outsiderane og taparane møter vi stort sett i Fosses prosa, medan skodespela har eit persongalleri det er lettare å kjenne seg att i. Kvifor det er blitt slik, er vanskeleg å avgjere – for Fosse planlegg ikkje bøkene sine. Han skriv dei fram, for å nytte hans eige uttrykk.
På mange vis er desse dikta personane både heimlause og tidlause, det lokale får ikkje skugge for det universelle. Dei er ikkje heroiske, men lever kvardagslivet sitt. Einsemd og kjensla av kanskje å leve feil liv pregar mange av dei. Det viktige i denne litteraturen er relasjonane mellom menneska. Fosse er korkje sjele- eller identitetsgranskar, det er forholdet og samspelet mellom folk som opptek han. Han skriv om menneske som er så vanlege at dei er uvanlege.
I sentrum er ofte slike som ikkje meistrar relasjonane dei står i, som ikkje finn seg til rette i tilværet, korkje med sine næraste eller seg sjølve. Mange av oss har nok kjent på ambivalensen, sjølvmotseiingane og tvisynet som pregar fleire av desse figurane. Dette rører ved noko grunnleggjande i menneskesinnet, ei kroppsleg eller emosjonell kjensle av å vere til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.