Film I Marita Liabø
Kristine Kujath Thorp har lett for å kjede seg. Det har sendt henne inn i mange bobler.
Kvinner med hår under armane
Kristine Kujath Thorp speler hjelpearbeidaren som står igjen når andre drar.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
For litt over elleve år sidan, på julaftan, var Lindis Hurum, som no er generalsekretær i Leger utan grenser, på jobb på eit lite feltsjukehus i ein stor flyktningleir i Den sentralafrikanske republikken.
Inn kom ein muslimsk mann med ein væpna kristen milits i hælane, og midt i det hektiske arbeidet med å redde liv på operasjonsborda og få levert eit parti med vaksinar før sola gjekk ned, oppstod ein kamp for livet på den provisoriske klinikken.
Før mørket er basert på denne dagen. Kristine Kujath Thorp speler Linn, ein prosjektleiar i ein hjelpeorganisasjon som blei igjen då alle andre forlét landet.
Dag og Tids filmmeldar omtaler Thorp som «steingod». Sjølv gir ho mykje av æra til dei ho hadde rundt seg under innspelinga, der kjende og mindre kjende skodespelarar frå mange land gjekk oppå kvarandre i seks veker. Ho kallar det eit bobleliv.
– Det blir som ein leirskule, der alle er på bortebane, seier ho.
– Det unike var at alle hadde eit sterkt ønske om å fortelje akkurat denne historia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.