Lærdomar frå Afrika

Skal verda reddast frå den katastrofen ho nett no styrer mot, lyt ein sjå mot Afrika, meiner Achille Mbembe, årets vinnar av Holbergprisen.

Achille Mbembe, professor i historie og politikk ved Witwatersrand-universitetet i Johannesburg og æresdoktor ved Universitetet i Bergen, har fått Holbergprisen 2024.
Achille Mbembe, professor i historie og politikk ved Witwatersrand-universitetet i Johannesburg og æresdoktor ved Universitetet i Bergen, har fått Holbergprisen 2024.
Publisert

Den 66 år gamle kamerunske professoren i historie og politikk ved Witwatersrand-universitetet i Johannesburg er rekna som ein av dei fremste intellektuelle i Afrika, han er òg den første frå den verdsdelen som får den prestisjetunge forskarprisen. For to år sidan blei han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen for måten han trekkjer linene frå kolonitida til notidas viktigaste tema på, som klimakrise, pandemi, rasisme og framandfrykt. Holbergprisen får Mbembe for banebrytande arbeid innan historie og politisk teori.

– Kva er det Afrika kan bidra med for å utvikle verda vidare i riktig retning? Ein tekst du skreiv for fire år sidan med tittelen «The Universal Right to Breathe», er ikkje særleg optimistisk?

– Ei rad indikatorar syner at vi er i ferd med å krysse dei siste grensene for overleving på jorda. No må alle menneske sjå etter ein ny måte å bu og leve her på, finne ut korleis vi kan dele jorda og reparere henne. Då er det heilt naudsynt å rette blikket mot dei «arkiva» som altfor lenge anten har vore tapte eller ikkje er tekne alvorleg. Med det meiner eg samlinga av kunnskap og kosmogoni som gjennom hundreår er blitt skapte av menneske i Afrika for å kunne leve saman med andre livsformer. Desse gamle kjeldene for menneskeleg eksistens kan vere viktige ressursar når vi skal stake ut ein ny kurs.

– Det må du utdjupe!

– Afrika og Afrikas kosmogoni kan lære oss verdien og nytta av fredeleg samspel mellom alle livsformer, til dømes at vi ikkje kan halde fram med å øydeleggje jorda utan å råke oss sjølve. Dei gamle historiene fortel oss i kva grad lagnaden vår som samfunn og individ er tett knytt til livsformene kring oss. Det finst eit heilt sett av lærdommar som kan utgjere ein alternativ etikk, om han blir teken alvorleg. Dette ligg langt frå ideala om erobring, utvinning, utnytting – som alle endar med økologisk katastrofe.

Desse «arkiva» har funnest i tallause generasjonar, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement