Litteratur
«Lausunge» og stjerneforfattar
Dotterdottera minnest Johan Bojer.
Forfattaren Johan Bojer levde frå 1872 til 1959.
Foto: Nynorsk kultursenter / Digitalt museum
Eit av kulturjubilea i 2022 vedgår den mangslungne forfattaren Johan Bojer. Det er 150 år sidan han kom til verda, under tronge kår, sett bort gardimellom av ei stakkars ugift ungjente som hadde kome «i uløkka». Men livet stelte etter kvart betre med han. I førre veka heldt dotterdotter hans, Anne Joronn Sætre, eit foredrag om bestefar sin på Asker Museum. Det var òg i «kunstnardalen» i Asker Bojer fann sin lengstvarande heim.
– Endå eg hadde bestefar heilt til eg var vaksen, er det helst i ettertid eg har vorte kjend med han, paradoksalt nok, seier Anne Joronn i dag.
– Det er rart no å tenkje på kor langt han nådde fram. Han fekk ingen lett start. Han måtte arbeide frå han var fem–seks år gamal, og den tidlegaste skulegangen var så som så. Men han hadde ei fostermor, mor Randi, som kunne fortelje om draugar og tussar og troll, som ho trudde på sjølv. Av henne var det han lærte forteljingsmagien.
Etter at den biologiske mora var død, kom faren inn i biletet med stønad, og så rakk Johan både amtsskulen og underoffiserskulen. Da vart litteraturinteressa tend for alvor.
– Så fekk han første jobben sin som betjent i eit handelsfirma i Trondheim. Då fekk han òg bli med på lofotfiske, og det gav sterke inntrykk som seinare skulle inspirere han i skrivinga.
– Forfattardebuten kom tidleg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.