Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

«Det er språkarbeidet og dei poetiske scenene, som råkar lesaren.»

Sørkoreanaren Han Kang får Nobels litteraturpris for 2024

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Han Kang er den fyrste sørkorearen som vinn Nobelprisen i litteratur.

Foto: Yonhap News Agency / NTB

4192
20241018
4192
20241018

I førre veke vart det kjent at Han Kang får Nobelprisen i litteratur i 2024 «for den intensive poetiske prosaen hennar, som konfronterer traume i historia og viser det sårbare i mennesket». Slik lyder ei av grunngjevingane som fylgde med prisen. Ho er den fyrste sørkoreanaren og faktisk den fyrste kvinnelege forfattaren frå Asia som vinn Nobelprisen i litteratur.

Blikket for det sårbare hjå menneska gjennomsyrer forfattarskapen hennar. Han Kang fekk eit gjennombrot med Vegetarianeren frå 2007, som kom på norsk i 2019, omsett av Vivian Evelina Øverås. Boka handlar om Yeong-Hye, ei ung kvinne som vel å bli vegetarianar etter ein vond draum. Familien set seg imot dette livsvalet, og far hennar prøver endåtil å tvangsfôre henne.

Han Kang eksperimenterer med synsvinkelen i denne boka: Forteljinga blir fyrst fortald gjennom perspektivet til mannen til Yeong-Hye, deretter gjennom blikket til svogeren og til slutt gjennom synsvinkelen til syster hennar.

Han Kang fekk den internasjonale Man Booker-prisen for romanen i 2016. Det var fyrste gong ein koreansk forfattar vann denne prestisjetunge prisen.

Ei anna bok av forfattaren, Hvit frå 2016, vart også nominert til same prisen i 2018 – denne boka er òg omsett til norsk, i 2019 av Jarne Byhre. Romanen krinsar om kvite gjenstandar og handlar om ein forfattar som blir overvelda av bilete av syster si som døydde ung i Warszawa. Handlinga viser seg å vera innvoven i soga til den polske hovudstaden. Warszawa vart som kjent atterreist etter den nazistiske okkupasjon, men forfattaren kjenner at dei utviste sjelene til dei myrda heimsøkjer henne.

Slik ser vi korleis «traume i historia og viser det sårbare i mennesket». Det gjeld ikkje berre dei nemnde romanane, men òg novellene hennar. Når løyndomane kjem fram, fører det med seg ein smertefull prosess, med uhyggjelege, framandgjerande konsekvensar.

Det gjeld i høgste grad for ei anna bok ho har skrive: Levende og døde frå 2012, som handlar om folkeopprøret i Gwangju i Sør-Korea i 1980. Også denne boka er omsett til norsk, av Vivian Evelina Øverås, og kom ut i 2017. Som det står i intervjuet Dag og Tid gjorde med henne 3. februar 2017, er dette ei soge som handlar om hennar eigen familiebakgrunn. «Sidan eg var ung, har vald og spenning alltid vore under overflata», har ho sagt i eit intervju.

Sidan har to andre bøker av henne kome på norsk: Dette er ikke farvel (2022) og Leksjoner i gresk (2023) – begge omsette av Jarne Byhre. Den fyrstnemnde boka tek opp krigstraume, medan den andre fortel om to menneske som nærmar seg kvarandre gjennom ein uventa intimitet.

Jamvel om alle desse bøkene har tema frå ein konkret røyndom, er det språkarbeidet, dei poetiske scenene, som råkar lesaren. Den nederlandske omsetjaren Mattho Mandersloot fortel til dømes til den nederlandske avisa NRC Handelsblad at bøkene hennar er dei vanskelegaste bøkene han nokon gong har omsett.

Han Kang reiser ikkje ofte til andre land. Men det blir mogelegvis endring på det no, med mottakinga av Nobels litteraturpris. I 2019 var ho gjest ved Norsk Litteraturfestival på Lillehammer, og vart der den femte forfattaren innlemma i det såkalla Framtidsbiblioteket – eit prosjekt av kunstnaren Katie Paterson, der forfattarar frå heile verda over dei neste hundre åra vil bidra med forsegla tekstar som fyrst vil bli tilgjengelege i 2114.

Eg møtte henne då ho to år tidlegare var i Oslo for å lansere Levende og døde. Vi møttest på Litteraturhuset – der ho sat sjenert i eit hjørne og venta. Vi tala om boka hennar medan vi gjekk ned til Slottsparken. Den ytre audmjuke framtoningen, med eit vinnande vesen, står i kontrast til dei ytre, dramatiske hendingane ho har som utgangspunkt for forteljingane sine.

Dag og Tid har ikkje høve denne gongen til å intervjue henne om prisen, men vi veit alt svaret hennar frå intervjuet for sju år sidan – det er ikkje medaljar eller utmerkingar som gler henne, men soger om menneskeleg offervilje og kjærleik.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis