Litteratur

Noregs veg – eit kompromiss?

Dei som ville forhandle med den tyske okkupasjons­makta sommaren 1940, fortener dei det ettermælet dei har fått? På nokre vis førte dei berre vidare linja frå 1814 og 1905, meiner Øystein Sørensen.

Oslo 26. september 1940: Administrasjonsrådet er oppløyst av rikskommissær Terboven og erstatta av eit råd av «kommissariske statsrådar», dei fleste NS-medlemer som på biletet held sitt fyrste møte: Rolf J. Fuglesang, Aksel H. Stang, Ragnar S. Skancke, Sverre P. Riisnæs, Thorstein J.O. Fretheim., Tormod Hustad, Kjell Stub Irgens, Albert V. Hagelin, Birger Ø. Meidell og Jonas Lie.

Publisert

Med boka Svik 1940? Ettergivenheten i 1940 i lys av norsk politisk kultur har historieprofessor Øystein Sørensen dukka ned i det som skjedde dei dramatiske sommarmånadene etter at tyskarane hadde hærsett landet. Utan å skjele til den fasiten vi kjenner i dag, har han vilja sjå på vurderingane til dei som ville forhandle om ei politisk ordning med dei tyske okkupantane. Kva visste dei, kva tenkte dei?

Stortingspresident Carl J. Hambro hadde reist i eksil, det var visepresident Magnus Nilssen og resten av presidentskapet som måtte ta stilling til kva som skulle gjerast og ikkje gjerast. Og kva som kunne gjerast.

Valet

Valet stod mellom å få etablert eit riksråd og å måtte leve med eit tysk kommissariat. Slik forklarar Sørensen skilnaden:

– Riksrådet skulle vere ein norsk institusjon med norske medlemmer, forankra i Stortinget. Rådet skulle hindre at den tyske okkupasjonen utvikla seg til nazifisering av det norske samfunnet, og at Quisling og Nasjonal Samling (NS) fekk makt i Noreg. Kommissariatet innebar eit direkte tysk styre, eller det det faktisk blei: eit styre med norske nazistiske kollaboratørar, med NS og Quisling. Det ville bety slutten for det norske demokratiet, men det kunne også bety slutten for Noreg som eigen nasjon, slik presidentskapet såg det.

Det var her kompromissviljen kom inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement