Litteratur

Opnar døra til Eikemo-huset

I 1947 bygde Lars Eikemo eit tolv meter høgt familiehus i Odda. No har Marit Eikemo skrive om arven etter bestefaren, som brått døydde frå fem ukonfirmerte søner.

Marit Eikemo har skrive om familie og etterkrigstid i boka Vi er brødrene Eikemo.
Marit Eikemo har skrive om familie og etterkrigstid i boka Vi er brødrene Eikemo.

– Eg trur rett og slett eg følte at det hasta litt.

Eg møter Marit Eikemo ein strålande varm maidag i Bergen sentrum.

På toget over fjellet har eg lese den nye boka hennar Vi er brødrene Eikemo, som fortel historia om dei fem sønene til bestefaren Lars Eikemo, det vil seie faren hennar Per og onklane Martin, Reidar, Kåre og Einar. Det har slått meg at eg kanskje helst skulle treft henne i Odda, der barndomsheimen hennar ligg, og der eg sist trefte henne, under Litteratursymposiet for etter kvart ganske mange år sidan.

Men hei, det er jo i Bergen ho bur. Og historia har ho skrive med utgangspunkt i det livet ho lever her og no. Som forfattar og «kulturleiar», som ho vert kalla på Wikipedia, som mor til to vaksne barn og to i grunnskulealder, som bonusmor til endå to og – ikkje minst – som barnebarn av Lars Eikemo og dotter av eldstesonen Per Eikemo.

Det er frå posisjonen som vaksen utflyttar ho har skrive om barndomsheimen, Berjaflotvegen 9 i Odda, det tolv meter høge huset, som snikkar og bestefar Lars bygde, og som far Per i dag bur i åleine. Det er frå denne posisjonen ho har kjent presset: Det hasta.

Avgrensa tid

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement