Litteratur
Jan H. Landro
jan.h.landro@gmail.com
Heile livet hennar er eit einaste stort leselystprosjekt. Men doktoravhandlinga hennar, som berre fem personar las, fordi dei måtte, og debutromanen hennar, som ingen kjøpte og ingen las, røpte ikkje at verda var blitt velsigna med ein ny bestseljarforfattar. Då hjelpte det å skriva (førebels) fire romanar om akademikaren Ingrid Winter. Og så har ho funne sjølve suksessoppskrifta med to bøker om 66 litterære klassikarar du sjølvsagt (ikkje) har lese.
Den siste, Fra Snorre til Skaranger, kom nyss, og under intervjuet fortel forfattaren at forlaget nett har sendt melding om at andre opplag er gått i trykken. Drangsholt har alliert seg med illustratøren og litteraturvitaren Therese G. Eide, som snakkar same språk som ho. Ho utstyrer teikningane med replikkar fulle av litteraturkunnskap og humor.
Skjult agenda
Kvar bok blir presentert gjennom tre spørsmål: «Hvorfor er dette en klassiker?» følgt av «Hvordan imponerer du?» og eit avsluttande «Kven imponerer du?». Forfattaren er altså ute etter å gi dei leselause stikkord som kan hjelpa dei til ikkje å ramla heilt utafor i selskapslivet og kanskje gi dei høve til å imponera med sin nyvunne kunnskap.
– Ein litteraturprofessor har vel ambisjonar om noko meir enn å hjelpa folk til å overleva det som elles kan bli ein keisam kveld?
– Den skjulte agendaen er å få folk til å lesa klassikarar. Eg vil syna kor viktig litteraturen er, både i menneskelivet og for å spegla det som skjer i samfunnet, men òg som ei kjelde til å endra strukturar i samfunnet.
Dessutan meiner ho at lesarane av boka også kan læra ganske mykje om korleis Noreg har utvikla seg.
– Utviklinga av individomgrepet, til dømes. Tekstane frå vikingtida syner kor viktig slekta er, så går ein sakte, men sikkert over til ei forståing av seg sjølv som norsk, så følgjer forståing av seg sjølv som middelklasse, som moderne menneske der fridommen er svært viktig, til forståing av seg sjølv som eit psykologisk komplisert vesen. Og så har du dei bøkene frå vår eiga tid, som byrjar med eit spørsmål om det finst eit eg. Kan eg forklara det som skjer med meg sjølv og kring meg? Har alt gått i oppløysing, finst det berre små, fragmentariske forteljingar på alle nivå?
– Kvifor 66?
– Fordi det er 66 bøker i Bibelen. Det er viktig å ha orden på tinga når ein skriv litteratur, og 66 gir nokre magiske band som kan halda ting på plass.
Dei gørre
– Du har eit romsleg klassikaromgrep?
– Absolutt. Og det er litt skummelt, for det går jo imot alt ein lærer på universitetet og det å vera akademikar. Du må våga å vera bastant, du må skjera gjennom på ein del ting, men står likevel ikkje heilt fritt. Det finst forfattarar i norsk litteratur som eg synest er veldig, veldig gørr, til dømes Johan Falkberget og Jonas Lie.
Ingen av dei er med i boka.
– Eg synest mykje norsk litteratur er prega av at det er ikkje bra nok berre å skriva bøker; dei må ha ein nytteverdi – undersøkja den menneskelege psyken frå eit freudiansk perspektiv, byggja nasjonen eller berga arbeidarklassen.
– Og så opplever vi at Nobelprisen går til ein som ikkje oppfyller desse krava i det heile?
– Nettopp, og det er så fascinerande! Vi har vore svært romslege i definisjonen av klassikarar. Mest kontroversiell er kanskje Gro Harlem Brundtlands memoarar, eller Maria Navarro Skarangers roman frå i fjor. Det har vore viktig å få inn ein del kvinner, ikkje minst fordi det lenge var slik at når universiteta skulle setja saman pensumlister, fekk ein ofte kjensle av at det knapt var plass til kvinnelege forfattarar.
– Kvifor har du då utelate Dorothe Engelbretsdatter og Zinken Hopp? Den første blei av Holberg utropt til «den største poetinde, som de Nordiske Riger have havt». Over 300 år etter sin død er ho framleis representert i den danske salmeboka og var med i den norske til siste revisjon. Og Zinken Hopp skreiv Trollkrittet, den første nonsensboka i norsk litteratur.
– Beklagar. Du har heilt rett, eg legg meg flat. Desse må med i neste opplag, så får heller Jostein Gaarder og Kristofer Uppdal gå ut.
Monstermødrene
Janne Stigen Drangsholt fortel at ho har lese heile livet, men før ho byrja på vidaregåande, hadde ho ikkje noka større forståing av litterær kvalitet. Ho las Margit Sandemo utan skamkjensle. 14-åringen gav seg etter bind 15 av Isfolket, ikkje av skam, berre av frykt for djevelen og Guds dømmande hand.
– På vidaregåande skjøna eg at det fanst smaksdommarar. Eg innsåg at det var nokre bøker eg skulle seia at eg hadde lese, og andre eg skulle teia om. Det har eg lagt frå meg no, i dag vil eg berre få folk til å skjøna kor enormt stor glede ein får av å lesa. Eg skriv desse bøkene for å gjera klassikarane meir tilgjengelege for folk flest og få dei til å bli interesserte.
– Du har sikkert fått mange tilbakemeldingar frå lesarar. Kva er dei opptekne av?
– Fleire har meldt at dei har teke til å lesa, til dømes Dostojevskijs Forbrytelse og straff og Orwells 1984, som eg skriv om i den første boka, Fra Shakespeare til Knausgård. Andre vedgår at dei har gått laus på romanar dei ikkje har kunna fullføra. Men det skal dei ikkje kjenna skam for, det kan rett og slett vera feil bok til feil tid. Og det finst jo så mange andre! Det er ein grunn til at somme bøker er klassikarar, og det kan vera lurt å ta opp ein klassikar i ny og ne.
– Du skriv om mødrer som er monster eller den galne dama på loftet. Kor vanlege er slike i norsk litteratur?
– Monstermødrene, slike som ikkje taklar morsrolla og forholdet til ungane sine, er blitt meir og meir vanlege dei siste tjue åra. Vi har mange monstermødrer i norsk litteratur, men det er blitt mest påtakeleg i samtidslitteraturen. Sigrid Undset sa at kvinner gløymer korleis det er å vera mor i moderniteten, fordi dei har for mange moglege val. Men dei skal jo framleis vera mor. Ho har heilt rett, men har fått for lite kred for det.
Vestlandsperspektiv
– Ambisjonen din med desse bøkene er ikkje berre å stimulera folks litteraturinteresse?
– Litteratur er livet mitt. Det er viktig for meg å ha mange lesarar, eg kjenner eit sterkt sug, ei enorm drift etter å bli lesen. Då eg publiserte den første Ingrid Winter-boka og fekk reaksjonar frå lesarar, blei eg så glad! Vi les jo bøker for å kjenna oss att og få spegla ting vi kanskje ikkje sjølve har sett ord på. Så har eg lyst til å tena så godt på skrivinga at eg kan leva av det og forlata akademia. Akademia er ein svært tung stad å vera for tida.
– Boka di har eit visst vestlandsperspektiv?
– Absolutt! Og det er medvite, både Therese og eg er vestlendingar. Eg kjenner meg att i vestlandsperspektivet, den vestlandske måten å forstå og vera i verda på. Humoren vår er jo også svært vestlandsk. Vi ville gjerne vera ei uttalt kulturell motvekt til Austlandet.
– Du kvir deg ikkje for å ironisera innimellom?
– Det synest eg er viktig. Harald Eia sa at poenget med livet er å tulla. Å ha det litt skeive blikket på ting, det ironiske perspektivet, er svært verdifullt.
Frisk tone
Tonen i boka er frisk og koplingane forfattaren gjer, er tidvis ikkje mindre friske. Som når Yoko Ono blir ein parallell til dei øydeleggjande tussemøyane i Voluspå eller Hanna Winsnes blir utropt til Noregs første tradwife-influensar.
Det som har gitt forfattaren størst glede, og mest arbeid, er dei korte oppsummeringane av kvar bok, på ei setning eller to. Der heiter det til dømes: «Gudene skaper verden. Fem minutter senere kommer noen damer og ødelegger alt sammen.» (Voluspå). Om Is-slottet av Vesaas: «Litt frost gjør meg ingenting uansett.» Eller Kon-Tiki-ekspedisjonen: «Det er typisk norsk å bygge seg en flåte.» Om Erlend Loes Naiv.Super skriv ho: «Mann taper i krokket og havner i fosterstilling.»
– Det er jo eigentleg ei oppsummering av heile forfattarskapen hans, forklarar forfattaren.
– Oppsummeringane er så vanskelege, eg har endra på dei mange gonger. Då er det utruleg kjekt når ein kjenner at dei sit.
– Korleis er det for ein seriøs litteraturprofessor å skriva så uhøgtideleg om klassikarane?
– Veldig skummelt. Som akademikar er ein opplært i at ein aldri skal seia noko bastant, du skal pakka ting litt inn og sjå dei frå alle tenkjelege perspektiv slik at du hegnar om kompleksiteten i ei problemstilling. Det prinsippet har ingen plass her. Under skrivinga har eg måtta kjempa mot ei høglydt stemme som har hoppa opp og ned i meg.