Litteratur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.
Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.
Publisert

Når ein roman opnar med setninga «En gang hadde jeg sju pappaer på sju år», er det lett å sjå føre seg ein offerroman. Tittelen Jævla menn forsterkar det inntrykket. Og når forfattaren føyer til at alt i boka er rein sanning, berre i kvardagslege detaljar har han dikta fritt, er det berre å gjere seg klar for det aller verste.

Men så syner den sjølvbiografiske romanen seg å vere noko heilt anna.

– I mange år har eg visst at eg skulle skrive denne boka. Eg har lenge tenkt at eg kanskje kunne vere forfattar, men ikkje vågd å prøve det, av redsel for å mislykkast. Dessutan venta eg lenge på å finne det rette toneleiet å skrive boka i. Eg ville ikkje skrive ein keisam roman, ville ikkje at dette skulle vere traumelitteratur eller ei bøn om medkjensle, men ei lystfull og morosam forteljing, ein lesarfest, seier svenske Andrev Walden (48).

– Å finne den tonen som kunne gjere historia luftig og lett, tok tid. Sidan tonen er ganske mørk, var det viktig å få til ein balanse som gjorde at lesaren kunne tillate seg å le av det som hender. Humor er viktig i alle forteljingar, og noko alle forfattarar ser opp til og nyttar. For meg er Erlend Loe eit stort idol, ein eg alltid har kjent slektskap med. Eg er ikkje viss på at han kjenner det same, men det får så vere. Han har eit ukomplisert språk som eg liker godt, eit nesten naivt språk som eg trivst i og har late meg inspirere av. Eg sende han ei signert bok, men har ikkje fått nokon respons – og det trengst heller ikkje. Det er nok å vite at boka mi finst i heimen hans, seier han.

– Første gongen eg las Loe, det var Naiv. Super, fekk eg ei kjensle av at også eg kunne bli forfattar ein dag, om eg fekk skrive slik som han. Han skreiv på eit vis eg ikkje hadde lese før. I boka hadde han nesten eit barns blikk, og eg skriv også med eit barns blikk i romanen min.

Ville skrive lystfullt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement