Loreen – meir enn negler og stemmeprakt

Etter Sveriges siger i Eurovision Song Contest har debatten handla om at Finland, som folkets favoritt, burde ha vunne. Men det stod meir på spel i Baku for elleve år sidan.

Loreen frå Sverige løftar trofeet etter å ha vunne finalen i Eurovision Song Contest i Liverpool i år.
Loreen frå Sverige løftar trofeet etter å ha vunne finalen i Eurovision Song Contest i Liverpool i år.
Publisert Sist oppdatert

For oss som følgde Melodi Grand Prix-sendinga for elleve år sidan frå storskjerm på ein aserbajdsjansk uterestaurant i Baku, handla sigeren den gongen om mykje meir enn kven som hadde best låt. «Stem på fridomen, stem på Sverige», var bodskapen frå dei som arbeidde for fri presse og kvinners likeverd i landet ved Kaspihavet.

Medan aserbajdsjanske styresmakter gjorde det dei kunne for at verda skulle bli blenda av eit storslått sceneshow ved sida av verdas då største flaggplass, retta unge aktivistar merksemda mot menneskerettsbrota i landet under kampanjen «Sing for Democracy».

Aktivistar i tog

Dagen før finalen gjekk femti aktivistar med slagordet på kvite T-skjorter gjennom sentrum av Baku på veg ut til flaggplassen. Dei kom knappe hundre meter før politiet stoppa dei. Å demonstrere i sentrum av hovudstaden hadde ikkje styresmaktene tillate sidan presidentvalet i 2003. Det året tok Ilham Alijev over presidenttittelen frå far sin og sikra at makta vart verande i familien.

Mellom alle artistane som deltok det året, var det berre éi som torde å møte dei som kjempa mot den glamorøse fasaden. Loreen tok baktrappa i lange steg til kontoret til organisasjonen IRFS, som arbeidde for trygging av journalistar. Vel oppe trefte ho Rasul, ein av initiativtakarane bak Sing for Democracy-kampanjen. Han synte Loreen utstillinga med bilete av korleis styresmaktene banka opp journalistar og raserte heimen til vanlege folk for å byggje flaggplassen.

På finalekvelden vart stemninga spent. Menneskerettsforkjemparane frykta at straffa for å ha sverta landets image, ville kome etter at det internasjonale pressekorpset drog. Loreens siger vart derfor viktig for dei. Kunne møtet med artisten innebere ei form for trygging?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement