Musikk
Lyden av ei skattkiste
Om du ikkje kjenner Ljodahått, og du høyrer «Sommervise» eller «Eg stend eg, seddu», trur du kanskje at her har vi endå eit norsk-på-norsk-band. Nei. Dette er Sigbjørn Obstfelder og Olav H. Hauge.
Frå venstre: Ståle Caspersen, Rainer Süssmilch, Vidar Osmundsen, Eirik Mannsåker Roald (på cello), Hans Jørgen Bjørnstad, Magne Håvard Brekke og Etienne Bonhomme i Ljodahått. Her speler dei på Flasken Kjøkken og Bar på Nesodden.
Foto: Jarle Rygh
Dei stig inn, ei rekke herrar, svartkledde, med hatt, mellom publikum i halvmørket. Dei plystrar samstemt på ein melankolsk melodi. Folk sluttar å skvaldre; no tar konserten til.
Dei tar plass bak instrument og mikrofonar. Eit par av dei speler spedt, rislande. Snart lyder ei stemme, sober, men kraftfull.
– Der låg attum Svolder øy, på lur, ein skog av master, av skrog ein mur.
«Eg har visst komme til feil klode», tenker enkelte. «Eg skulle liksom på konsert.»
Samtidig kan vi ikkje anna enn lytte, til det som er eit dikt av Per Sivle, basert på historia om slaget der Olav Tryggvason skal ha døydd i 999. Tonane musikarane set til diktet, er lyden av hav og vind, segl og skrog. På veggen bak scena ser vi ein teiknefilm: eit vikingskip på bølgene.
– Og fri, som han livde, han sokk i si grav, avsluttar vokalisten dystert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.