Mary Shelley: Kva ville ho med livet?Mary Shelley (1797–1851) var ein særs produktiv og nyskapande forfattar. Ho var berre atten år gammal då ho byrja på

Mary Wollstonecraft Shelley, portrettert av Richard Rothwell.
Mary Wollstonecraft Shelley, portrettert av Richard Rothwell.
Publisert

Mary Shelley (1797–1851) var ein særs produktiv og nyskapande forfattar. Ho var berre atten år gammal då ho byrja på Frankenstein, og skreiv etter kvart seks romanar til og fleire bøker i andre sjangrar, samstundes som ho levde eit turbulent og på mange måtar tragisk liv blant mange av dei mest notoriske figurane i den engelske romantikken, som lord Byron og Percy Bysshe Shelley.

Den viktigaste boka hennar

Debutromanen Frankenstein frå 1818 er rekna som opphavet til science fiction, men er likevel langt frå sjangerlitteratur. Shelley brukte det som på den tida var ein etablert sjanger, den gotiske romanen, men erstatta det magiske og overnaturlege med moderne vitskap. I motsetnad til dramatiseringane og filmane er boka ei fleirstemmig forteljing som eggar både medkjensla og tankane.

Kva meinte ho om samtida?

Frå ho som 16-åring rømte heimanfrå og fekk barn med ein gift mann, Percy Shelley, levde ho på utsida av ideala i samtida. Som dotter av anarkistfilosofen William Godwin og feministen Mary Wollstonecraft hadde ho mykje å leve opp til. Det er grunn til å hevde at dottera strevde mot mange av dei same måla som foreldra, men på ein utforskande og sjølvstendig måte.

Kva innverknad hadde ho på ettertida?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement