Litteratur

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Publisert Sist oppdatert

Portugal var faktisk først av dei europeiske kolonisatorane og la under seg land og øyar i Afrika og Austen. Eit litt gløymt imperium kallar forfattaren denne historia, for det er Nederland og især England dei fleste ser føre seg når europeisk kolonialisme kjem på tale. Land for land, nesten øy for øy i det tidlegare imperiet, har Fatland besøkt for å danne seg eit bilete av kva portugisarane gjorde, og kva dei har late etter seg.

Det første ho gjorde, var å lære seg språket. Både for å kunne lese kjelder på portugisisk og for å kommunisere direkte med folk.

– Arbeidet har teke meg til 29 land i fire verdsdelar, og 20 av dei er nemnde i boka. Til saman har eg vore tolv månader på reisefot, spreidd over to år. I tillegg kjem lange opphald i Portugal. Det har vore ei kraftfull reise, frå dei mest underutvikla landa i verda til nokre av dei rikaste.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement