Litteratur
Med skaparhug og undring som kompass
– Som utøvar må du kunna levera både i himmelen og i helvete, seier spelemannen og multikunstnaren Knut Buen.
Knut Buen var ein av vinnarane av Anders Jahres kulturpris, som blei delt ut i Universitetets aula 14. september 2017. Knut Buen var ein av vinnarane av Anders Jahres kulturpris, som blei delt ut i Universitetets aula 14. september 2017.
Foto: Torstein Bøe / NTBFoto: Torstein Bøe / NTB
Til 75-årsdagen hans kom boka Skaparhug, som gjev eit inntrykk av breidda og omfanget i alt Knut Buen har utretta som spelemann, komponist, poet, tekstforfattar, rosemålar og kunstmålar. Han samlar inn gamle slåttar, viser og soger, og han har skrive mange tekstar til folkrockbandet Gåte, som sist helg vann den norske finalen i Melodi Grand Prix. Som basen sin reknar han folkekulturen i Tuddal og Jondalen i Kongsberg kommune.
– Skaparhugen reknar eg som eit naturleg framhald av det ein har i seg gjennom arv og miljø. Ting som lenge har vore praktiserte i familien – skriving, speling, kunst og handverk – fata mi interesse som liten gutunge. Førenamnet mitt er knytt til rosemålarar og spelemenn, og det vart eg tidleg medviten om. Eg har teke vidare noko som ligg i generasjonar attende, men på min måte.
– Dette har late meg kjenna gleda som følgjer med å laga ting og få til noko. Eg har alltid kjent ein sterk trong til å ytra meg, nesten som ei form for mentalhygiene. I seinare tid har eg skrive meir og meir, eg er svært oppteken av å skriva dikt og ytringar, følgja med i samfunnet, filosofera og setja ord på kjensler.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.