Meir om Kim Hiorthøy

Boka Tree Weekend.
Boka Tree Weekend.

Mellom permar

Når ein seier at Kim Hiorthøy har skrive to bøker, så stemmer det – i alle fall nesten. Hiorthøy har likevel fleire bøker på samvitet, der han er oppført som einaste opphavsmann, som Tree Weekend på Gestalten Verlag frå 2000. Nettbokhandelen Amazon skildrar boka som eit forsøk på å fange dei korte augneblinka når idear vert skapte. Her finn vi fotografi, teikningar og grafikk i skisser og ferdig form.

I 2019 kom boka Ferdig omslag kommer snart på Flamme Forlag. Eit svært minimalistisk omslag rommar eit breitt utval av Kim Hiorthøys grafiske design og illustrasjonsarbeid frå midten av 1990-talet og fram til i dag.

Inspirasjon

Medan han arbeidde med boka Knivtid, las Hiorthøy sjølv Jesus-trilogien skriven av den sørafrikansk-australske forfattaren og nobelprisvinnaren J.M. Coetzee. Trilogien er sett saman av bøkene Jesu barndom (2014), Jesu skoledager (2018) og Jesu død (2021). Cappelen Damm skriv at den første boka handlar om ein mann og ein gut som har kryssa havet og kome til eit nytt land. Her får dei tildelt ny identitet. Dei lærer språket og byrjar å leite etter mora til guten.

Hiorthøy har dessutan vore inspirert av framsyninga And on the Thousandth Night… av den britiske teatergruppa Forced Entertainment, som mellom anna var vist på Nationaltheatret i 2016, det same året som gruppa vart tildelt Den internasjonale Ibsen-prisen. Framsyninga varer i seks timer, der sju skodespelarar, utkledde som kongar og dronningar, improviserer forteljingar etter at ein av dei har sagt «once upon a time ...».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement