Litteratur

Mellom slaga

Med sin første roman har dramatikaren Maria Tryti Vennerød tatt tak i noko få set ord på: Også menn blir utsette for vald. Også kvinner slår.

Marie Blokhus (t.v.), regissør på Maria Tryti Vennerøds teaterstykke som blir sett opp på Det Norske Teatret i januar, heldt bokbad med forfattaren då romanen blei lansert denne veka. Christian Ruud Kallum speler hovudrolla i framsyninga.
Marie Blokhus (t.v.), regissør på Maria Tryti Vennerøds teaterstykke som blir sett opp på Det Norske Teatret i januar, heldt bokbad med forfattaren då romanen blei lansert denne veka. Christian Ruud Kallum speler hovudrolla i framsyninga.
Publisert Sist oppdatert

Etter at ho fekk sett opp Meir (2002) som 23-åring, har Maria Tryti Vennerød skrive ei rekke teaterstykke, musikalar inkludert, ved sida av dikt. For Dama i luka (2004) vann ho Ibsenprisen, og ho er omsett til mange språk. Motiva er aldri trivielle. Ikkje direkte råka (2012), som blei nominert til Hedda-prisen i kategorien særleg fagleg innsats, var basert på personlege tekstar med utspring i rettssaka mot Anders Behring Breivik; kvar veke blei ein tekst iscenesett.

– Eg liker at verdiar blir sette i spel, seier ho.

Ho byr på ost og kjeks, kaffi òg, og orsakar rotet. Ho pussar opp, slik vi gjer. Ho bur i eit 50-talsrekkehus i lag med dotter si, som passar på at ho ikkje jobbar for mykje og heller ikkje for lite. La oss kalle dette ein heime-hos-reportasje mellom slaga, vitsar vi.

Når ho ikkje skriv, er ho lærar på manuslinja på Høyskolen Kristiania og forfattarstudiet i Tromsø. Denne veka gir ho ut sin første roman, Nære relasjonar, der temaet er partnarvald. Og nyleg fekk ho vite at Det Norske Teatret set opp ein sceneversjon som ho leverte for tre år sidan, i januar.

Fakta til fiksjon

Så kor skal vi begynne?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement