Musikk

Mor, mor, gøym meg!

Barndomens viseskattar:

Christian Krohg: «Sovende mor med barn».
Christian Krohg: «Sovende mor med barn».
Publisert

Per Sivle var fødd i Flåm i 1857, som tvilling. Berre Per fekk så vidt overleva, og vart ført inn i kyrkjeboka med ring rundt namnet, noko som fortalde at han var uekte son.

Skamma gjorde at mor hans, Susanna Ryum, prøvde å ta livet sitt. Ho vart seinare gift med faren, men døydde i barselseng etter to par nye dødfødde tvillingsøner.

Det var ikkje rart om Sivle vart prega av saknet etter mor si, som han mista berre vel to år gamal. Ingen veit kva han hugsa om henne, men i hans tyngste stunder var det som om mora kom til han som i ein ljoske.

Ein kald vinterdag står eg i lag med Jens Brekke frå nabogarden til Sivle-heimen, ved mora si grav. Begge er me så til stades i denne sterke historia, at me – 150 år etter – vert ståande og tørka tårer. Det er som om me begge tek inn over oss smerta i ei mors korte og vonde liv, og styrken i det tapte samlivet mellom to like ulykkelege, mor og son, men som opna for noko av det vakraste i norsk poesi: «Den fyrste song eg høyra fekk, (…) den song som allting heilar.»

Etter at mora døydde, vaks Per opp på slektsgarden Brekke, nabogarden til Sivle. Far hans, Eirik Hanssen Sivle, som var ein velhalden hestehandlar, heldt kontakt med den einaste sonen sin – og ynskte at han skulle få bli til noko. Guten hadde store evner og ville bli prest, men var så rappkjefta at då han skulle konfirmerast, sa presten til han:

– Eg har merka meg at du seier du til meg. Det sømer seg ikkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement