Minneord
Munnharpevirtuosen frå Setesdal
Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.
Bjørgulv Straume (1938–2024).
Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet
Det var laurdag 6. april 2024 Bjørgulv Straume slokna. Han rakk godt inn i årstalet han kunne fylt 86 år. Som folkemusikar må me seie han kom ifrå den tapte generasjonen her i Setesdal. Ingen andre fødde på 1930-talet vart utøvande på det feltet. Trass i sitt «storarta ytre» var han ein søkjande, blyg og mest sky mann. Kanskje var det respekten for det han «eigentleg ville» i livet, som sette slike band på det utøymelege han også bar på. «Det bygdenorske, det sterke ville», som stevet seier. «Men au det lengtande, mjuke, milde.»
Han levde med eine foten i ei heilt anna tid. Den han hadde vakse opp i. Der levekåra med sine skikkar og sedar var ulike det dei kom til å verte. Han var ein «ande frå ein annan atmosfære», med stølsdrift og naturalhushald, ulike omgangsformer og levevis.
Han mintest den aller siste luten av hesten si glanstid i dalen, forteljingane, steva, tonane og naturinntrykka. Dyrelivet sin sentrale plass i livslaupet vart ei låm han berre motvillig veik ifrå, slik den nye tida kravde.
Sjølv fortalde han at far min, Torleiv H. Bjørgum, ved ein kappleik på Rysstad hadde spela munnharpe og fortalt noko om den, og slik vart denne brannen nørd i han for sjølv å framstå på det viset for eit publikum. Stev kunne han aldri minnast å ha lært å kvede, men høyrt dette av dei aller beste vart eit mønster for han.
Den attlevande ektemaken til stortingsmannen Åni Rysstad levde til «vår tid». Ho hadde munnharpa etter mannen sin, som Bjørgulv fekk tak i. Slik ein låt som av den skulle ein aldri ha høyrt. Det var noko omframt. Og slagteknikken vart signaturen hans for framtida som utøvar og berar av ein musikktradisjon som dei færraste hadde brydd seg med til då.
Det var med Bjørgulv Straume den landsomfattande bølgja for munnharpespel voks seg til høgder ingen kunne førestilt seg. Med nylaga programmusikk frå krigens dagar, med slag og kampar i nære drama som folk forstod og levde seg inn i, saman med han i musikken. Luftslaget i september 1941 over Bygland si vesthei, der tyske jagarfly felte denne flygande festninga kalla.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.