Musikarflukt frå Trøndelag
I ti år har Trondheim Calling vist fram nye artistar for eit publikum. Festivalsjefen meiner dei artistane som vil etablere seg, flyktar frå Trøndelag.
Thomas Ryjord meiner musikkmiljøet i Trøndelag er blitt meir mangfaldig.Thomas Ryjord meiner musikkmiljøet i Trøndelag er blitt meir mangfaldig.
Foto: Amanda GerhardsenFoto: Amanda Gerhardsen
Kvart år plukkar ein jury ut 25 uetablerte artistar som får spele under musikkfestivalen Trondheim Calling. Halvparten av dei kjem frå Midt-Noreg, og halvparten kjem frå resten av Noreg.
Thomas Ryjord, som er sjef for festivalen, meiner han har sett ei endring i musikkmiljøet i Trøndelag dei siste åra.
– I samband med jubileet har vi sett tilbake på dei første festivalprogramma. Dei var mannsdominerte og prega av rock. I dag jobbar vi for ein kjønnsbalanse i programmet, og eg ser ein klar tendens til at fleire jenter er i front i musikkmiljøet. Dessutan driv folk med fleire ulike sjangrar no: elektronisk, jazz, pop og hiphop. Den yngre generasjonen bryr seg ikkje om sjangrar, berre om å lage musikk.
Ryjord meiner sjangeroverskridinga er ein global trend. At ho treffer i Trøndelag, trur han handlar om utdanningsinstitusjonane i regionen.
– Nord universitet og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet trekker til seg mange kreative musikkstudentar, og regionen har vorte meir open for ulike uttrykk. Det synest eg er positivt, for vi må komme oss vidare frå trønderrocken på eit tidspunkt.
I ein kronikk i Adresseavisa nyleg kritiserte Ryjord lokalpolitikken i Trøndelag for å legge for mykje pengar på store arrangement. Han meiner lovande artistar flyttar til Bergen eller Oslo for å klare seg som musikarar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.