Musikkprisen til Nils Henrik AsheimEtter utdelinga av fem prisar frå Nordisk råd i operaen i Oslo tysdag stakk ein nordmann av med musikkprisen.
Etter utdelinga av fem prisar frå Nordisk råd i operaen i Oslo tysdag stakk ein nordmann av med musikkprisen.
Sofia Jernberg delte ut prisen til Nils Henrik Asheim.
Foto: Johannes Jansson
Komponist Nils Henrik Asheim fekk Nordisk råds musikkpris for verket Muohta, eit musikkstykke for kor og strykeorkester. Verket er komponert som eit tilsvar til «Årstidene» av Joseph Haydn frå 1801, og tittelen er det samiske ordet for snø. Aasheim tok imot prisen av den svenske songaren og komponisten Sofia Jernberg. Musikkprisen går til «et stykke musikk som er intenst nåtidig og på samme tid bevisst på sin historie», skriv juryen i grunngjevinga.
Litteraturprisen gjekk til islandske Audur Ava Ólafsdóttir for romanen Ör (Arr). Juryen skildrar romanen som ei lita bok med eit stort hjarte, ei bok som òg skildrar «plikten til å gi menneskeligheten lov til å utfordre mørket».
Nordisk råds filmpris gjekk til den islandske filmskaparen Benedikt Egilsson, Ólafur Egill Egilsson og produsentane Marianne Slot og Carine Leblanc for filmen Kona fer í stríd (Woman at War). Bárdur Oskarsson fekk barne- og ungdomslitteraturprisen for bildeboka Træid (Treet), og Nordisk råds miljøpris gjekk til Naturressursrådet i Attu ved vestkysten av Grønland for innsatsen med å dokumentere havmiljøet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.