Kunst

Når kunsten vert farleg

Kva har eit augeblikksbilde på Instagram til felles med eit figurativt tresnitt på 1930-talet og ein vase som er laga for fleire tusen år sidan?

Darija Kuzjmytsj (f. 1991): «The most precious moment of this year» (2022), fotografi.
Darija Kuzjmytsj (f. 1991): «The most precious moment of this year» (2022), fotografi.
Publisert Sist oppdatert

Personane på hovudbildet lener seg over bordet for å klinke glasa mot kvarandre når dei skålar. Bordet bognar av mat, men motivet er ikkje så festleg som det ser ut til ved første augekast. Den ukrainske kunstnaren Darija Kuzjmytsj (f. 1991) la ut dette bildet på Instagram i desember 2022 med teksten «The most precious moment of this year». Dette var første gong sidan krigen det hadde lukkast familien å samle seg i heimbyen Kyiv.

På grunn av bombinga er tilførselen av elektrisitet ustabil i store delar av Ukraina. Då bildet vart teke, hadde straumen gått, og ei lommelykt heng i taket som provisorisk belysning. Det svake lyset skaper ei draumeliknande stemning. Bildet gir eit innblikk i korleis det er å leve med krig. Her får vi eit gløtt bakanfor avisoverskriftene om krigshandlingane, og inn i ein intim og nær situasjon. Her vert dei kvardagslege gledene, familien og samhaldet løfta fram som dei viktigaste verdiane. Bildet fortel om eit ukueleg mot, korleis ein så enkel ting som å ete eit måltid saman vert ei heroisk handling.

Farleg kunst

Ukraina har lange tradisjonar for protestkunst. Etter at ukrainarane vart del av Sovjetunionen i 1922, fekk dei, til liks med russiske kunstnarar, prøvd seg på den halsbrekkande akrobatikken å ytre seg i eit regime med sterk sensur og stor vilje til å setje i verk brutale straffereaksjonar. Utover 1930-talet vart delar av den ukrainske kultureliten rett og slett avretta, i tillegg til dei mange som døydde i den menneskeskapte hungersnauda i 1932–33.

Rett før desse katastrofale tilbakeslaga hadde ukrainsk kunstliv ein heftig og intens blomstringsperiode. Under første verdskrig var mange involverte i kampen om sjølvstende for Ukraina, kombinert med forhåpningane om ei betre tid etter revolusjonen i 1917, skapte det grobotn for ein særskild energi. Den strenge sensuren under tsarregimet vart avløyst av nytenkjande og vitale uttrykk innanfor både figurativ og abstrakt kunst. Denne jublande frie renessanseperioden ebba ut då Ukraina vart del av Sovjetunionen i 1922. Krava om ein statskontrollert kunst fekk mange av dei ukrainske modernistane til å rømme landet. Dei hadde ingen planar om å vere reiskap for å kaste glans over revolusjonen i eit tradisjonelt formspråk.

Ukrainarar i eksil kom til å få stor innverknad på europeisk kunst. Ein av dei var målaren Aleksandra Ekster (1882–1949), fødd og oppvaksen i Ukraina. Ho var ein av grunnleggarane av den dekorative stilretninga art deco. Ekster var også føregangskvinne for avantgarderørsla tidleg på 1900-talet, særleg kjend for måten ho smelta kubisme saman med italiensk futurisme på. Stillebenet viser korleis ho eksperimenterte med eit klassisk oppsett av flaske, glas og frukt. Gjenstandane er skildra med forenkla geometriske former. Ho har samstundes sin heimlege vri, ikkje minst gjennom paletten med kraftige og klåre fargar inspirert av ukrainsk folkekunst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement