Litteratur
Når kvinnene har makta
Eigentleg har ikkje norsk-danske Maren Uthaug sans for framtidsromanar, men no har ho skrive to som er i ferd med å bli ein internasjonal suksess. I dag kjem 88 % ut på norsk.
Den nyaste romanen til Maren Uthaug blir lansert denne veka.
Foto: Thomas Howalt Andersen
I 2023 låg romanen 11 % føre her i landet, og med årets 88 % er vi no komne opp i 99 prosent. Altså står 1 prosent att, og forfattaren fortel at den siste prosenten vil kome i ein tredje roman, men ho kan ikkje seie når. For tida har ho meir enn nok med alt oppstyret kring dei to romanane som er ute.
For det vekkjer sjølvsagt reaksjonar når forfattaren har utrydda patriarkatet, erstatta det med eit matriarkat og berre behalde 11 prosent menn, plasserte i offentlege avlsstasjonar, akkurat nok til at reproduksjonen kan fungere utan innavl.
– Kva var det som fekk deg til å skrive framtidsromanar?
– Temaet gjorde det naudsynt. Men nemninga framtidsroman er eg ikkje så glad i; eg kallar heller desse bøkene for spekulativ litteratur. Grepet er å leggje historia i ei framtid som er litt annleis enn vår, men framleis ganske lik. Science fiction-litteratur rommar ofte mykje teknologi, det interesserer meg ikkje. Strukturane i samfunnet er det som opptek meg, eg vil snu ting litt på hovudet og sjå kva som skjer om vi erstattar ein patriarkalsk struktur med ein matriarkalsk.
Patriarkalsk kultur
Det som inspirerte henne til dette, var ei historie ho las om ei øygruppe i Stillehavet. Der skal mennene stadig ha kriga med kvarandre, og for å få slutt på dette bestemte kvinnene at dei neste tjue åra skulle dei ikkje gi liv til eit einaste gutebarn. Kvar gong ein gut blei fødd, slo dei han i hel. Slik stoppa krigane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.