Litteratur
Nesten normal
I 32 år levde Lina Liman med autisme utan å vite om det.
Lina Liman deler historia om korleis det er å leve med autisme, før og etter diagnosen.
Christiane Jordheim Larsen
«Forvandlinga tok knapt tjue minutt. På nitten minutt og trettini sekund, eit tilsynelatande ubetydeleg tidsrom, blei heile livet mitt grunnleggande forandra. Eg også. Ingenting hadde eigentleg hendt. Likevel blei alt annleis.»
På denne måten opnar svenske Lina Liman, journalist, forfattar og føredragshaldar Kunsten å feike arabisk, ei bok ho sjølv har omtala som ei sjølvbiografisk fagbok om autisme.
Opninga skildrar den augneblinken ho høyrde eit radioprogram om høgtfungerande jenter med autisme og innsåg at desse jentene hadde nett dei same vanskane som henne. Radioprogrammet vart for Liman eit vendepunkt. Brikkene i puslespelet som utgjorde livet hennar, såg med eitt ut til å falle på plass.
Etter år ut og inn av psykiatriske avdelingar, med ulike diagnosar ho ikkje kjende seg att i, skulle utgreiingsarbeidet i helsetenesta no gå fort. Liman fekk diagnosen autisme, meir spesifikt Aspergers syndrom i ein alder av 32 år.
Kontrastar
Eg møter Liman i eit romsleg møterom hos Samlaget i Oslo sentrum, forlaget som gav ut boka hennar i norsk utgåve i fjor. Liman er komen til Oslo for å snakke om boka si på Norsk sakprosafestival, og fordi ho i dag kjenner sine eigne grenser, har ho reist ein dag før ho måtte. For det å reise stressar henne, fortel ho. Det massive presset av inntrykk. Lydar. Uroa for forseinkingar og for ikkje å kome dit ho skal i tide.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.