Hallfrid Pedersdatter Christiansen blei fødd på Gimsøya i Lofoten i 1886. På denne tida var det svært sjeldan at folk med hennar bakgrunn fekk meir enn sju års skulegang. For ei kvinne frå periferien var universitetsutdanning heilt urealistisk. Men Christiansen må ha hatt mykje drivkraft og vore spesielt evnerik.
Støtta av foreldra gjekk ho først på folkehøgskule på Melbu, deretter heldt ho fram ved Angells privatskule i Kvæfjord. Der blei ho gift med styraren, som døydde av tuberkulose året etter.
Christiansen måtte klare seg sjølv, og etter nokre år som privatlærar rundt om i Vesterålen og Lofoten reiste ho til Kristiania, der ho blei «kontordame». Ho gifta seg på nytt, denne gongen med den 18 år gamle (og ti år yngre) journalisten og litteraten Olav Lüchen Kopstad. Da Kopstad døydde året etter, hadde paret alt fått eit barn. No starta nokre nye, harde år for Hallfrid Christiansen. Ho hadde ikkje økonomi til å forsørge dottera, som blei send nordover til besteforeldra.
Hallfrid Christiansen utdanna seg vidare og fekk examen artium som privatist i 1925, omtrent samtidig som ho trefte den tredje mannen sin. Ho var alt 39 år gamal og gjekk i starten inn i rolla som husmor. Samstundes hadde ho no artium. Dermed låg vegen open, både formelt og praktisk sett (sidan arkitektmannen hadde ein trygg økonomi), for at ho kunne begynne å studere på universitetet.
Dei neste åra studerte ho filologi, og las norsk, tysk, sanskrit, gresk og gamalgermanske språk på Blindern. I 1931 kunne ho levere ei hovudoppgåve om målet på heimplassen Gimsøy i Lofoten.
Nokon, truleg folk i Vitskapsakademiet, må ha lagt merke til det originale arbeidet. Christiansen heldt fram med å forske på språket på heimplassen, og i 1935 hadde ho ferdig ei doktorgradsavhandling om gimsøymålet. Slik historikar Hallgeir Elstad skriv i Norsk biografisk leksikon, var dette eit pionerarbeid. Mellom anna utvikla ho ein ny metode for å skildre forskjellar i tonefall i ulike dialektar. Slik kunne ho vise kor særeige Gimsøy-målet var, også samanlikna med andre dialektar i Lofoten. Ingen norsk dialekt hadde nokon gong blitt studert så grundig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.