Litteratur
Nord-Noreg slik du aldri har sett det før
I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.
«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.
I fleire tiår samla Terje Øiesvold (1949–2024) bokillustrasjonar og trykk frå Nordkalotten over ein periode på 300 år. Og samlinga hans blei tilnærma komplett. I boka Fra Nord. Nordkalottens billedhistorie – landskap og mennesker 1550–1850 syner han fram dei viktigaste av desse.
Dette er ikkje berre ei bilethistorie, men også kulturhistorie, naturhistorie, topografihistorie og vitskapshistorie, skildra slik at også folk utan fagkunnskap kan lese det med utbyte. Men vekta ligg på illustrasjonane og karta – fleire i dobbeltsidige oppslag – som det finst over 600 av, ein god del handkolorerte.
Forleggjaren Elisabeth Johansen i Orkana forlag fortel at Øiesvold hadde jobba med boka i fire–fem år, og at arbeidet blei svært hektisk mot slutten, då det var klart at forfattaren ikkje hadde lang tid igjen.
– Vi er svært glade for at han orka den påkjenninga, og at han til slutt ville la seg «bokbade» av ein historikar då boka var ute.
Ekspedisjonar
Til grunn for Fra Nord ligg det som utanlandske forskarar og eventyrarar har skildra i bøker og artiklar etter ekspedisjonar til det nordlege Noreg og Nordkalotten. Fleire av dei var habile teiknarar, eller dei hadde profesjonelle teiknarar med seg. Resultatet blei rikt illustrerte publikasjonar med imponerande plansjeverk. Somme av desse fann vegen hit til landet via omsetjing, andre har vore meir eller mindre ukjende her.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.