¿ Norsk populærmusikk i hundre år
I mange tusen heimar rundt om i landet ligg ennå notehefta. Dei minner oss om den tida populærmusikken vart spela og sungen heime hos folk, skriv Hans Fredrik Dahl.
Egil Monn-Iversen var komponist, dirigent, arrangør, direktør for konsertbyrå og plateselskap og revydirektør. Her er han saman med The Monn Keys, f.v. Arne Bendiksen, Sølvi Wang, Per Asplin og Oddvar Sanne.
Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB scanpix
Lytt til artikkelen:
Populærmusikken som historikaren har teke for seg, var songar folk song ved oppvaskbenken, nynna i einsemd, høyrde på radio og grammofon eller spela sjølv.
– Det er dette vi vil vekke til live i stort bokformat nå, seier Dahl, som fyller 80 år og lanserer boka denne veka.
Populærkulturen er – og var – internasjonal. Han strøymer fritt, upåverka av tid og rom. Dei songane vi nynnar på vårt eige språk og kanskje ser på som «typisk norske», kan ha opphav i andre tider og framande land. Men fleire er norske, skapte av diktarar og komponistar som Lyktemannen eller Per Kvist, Reidar Thommessen eller Otto Nielsen. Dei fargerike noteomslaga var laga av reklameteiknarar som Karl Dahl eller barnebokillustratøren Sonja Zernichow, eller av velsedde kunstnarar som Per Krohg og Harald Damsleth.
I boka er notehefta ordna kronologisk og delte inn i grupper. Inndelinga dekker mykje, men ikkje alt. Saman med populære grupper for viser, valsar og jazz kom kristne songar og salmar. Notane kunne spelast på piano eller orgel. Evangeliske utgjevarar, som berre var éin del av kristenfolket, gav ut «Nye evangeliske sanger» i nærare 40 hefte etter 1945.
Men uansett sjanger: Notehefta spreidde den populære musikken i tiår etter tiår – inntil dei svann bort og vart erstatta av andre trendar i 70- og 80-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.