Norske matskattar nr. 67: italiensk salat

Publisert

Ein favoritt på mange frukostbord er den italienske salaten. Tradisjonen er gamal her til lands. Han kan sporast attende til kokebøker på 1800-talet. Variantane var mange i gamle dagar. Somme italienske salatar hadde både ansjos og madeira i seg.

Somme oppskrifter gjer denne favoritten lik ein russisk salat, der erter, selleri og fleire andre typar grønsaker er med.

Hovuddelen av denne norske italienaren er majonesblandinga, som vert laga av kokte eggeplommer, sukker, sennep, fløyte og litt olje.

Kolde anretninger til frokost- og aftensbordet av Hedvig Irgens frå 1926 strammar det til med berre to typar italiensk salat: ein med strimla ingrediensar og ein med terningar.

I moderne tid er det den strimla varianten som nordmenn har knytt seg til. Færre lagar salaten frå botnen av sjølv. Delikat har i årevis hatt sin italienske salat som ein storseljar. Det er nok den dei fleste av oss har vakse opp med.

Delikats italienske salat har kål, gulrot og skinke i kjende strimlar i majonesblandinga. Han skriv seg attende til delikatessebutikken til den danske omskulerte møbelsnekkaren Christian Jensen, som opna delikatessebutikk i Drammen i 1931.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement