Ny Dag og Tid-kalv
Symra med den nyfødde kalven Odesa.
Foto: Hilde Selheim
Yndlingskua til Dag og Tid, Symra, fekk sist laurdag, 21. mai, ein flott, lysegul kukalv. Alt er vel med både mor og dotter, og kalven har fått i seg den verdfulle råmjølka. Dette er tredje kalven til Symra. I 2020 kom Symreson, og i fjor Fjellros.
Far til kalven er Buren, ein horna seminokse fødd i 2017, eigd av Hans J. Gubhage, som driv gard i Skjåk med 35 Vestlandsk fjordfe-mjølkekyr. Buren og andre seminoksar er nøye valde ut etter klåre kriterium, som avdråtten til oksemora, eksteriøret og jurforma til oksemora og eksteriøret til sjølve oksen.
Men det kjekkaste og enklaste er sjølvsagt å ha eigen gardsokse, som far til Symra var. Sist veke var difor gardsfolket på Selheim, Hilde og Lars, til Valdres og henta ein ny komande gardsokse hjå leiaren i fjordfelaget, Ingvild Oldre Heggom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.