Ny tittel
– Lunkne meldingar, lunkne bøker og lunkne menneske er det verste eg veit, og difor prøver eg å la vera å vera lunken, seier Cathrine Krøger.
Cathrine Krøger er kompromisslaus, uredd, usnobbete og modig, slår juryen bak kritikarprisen fast.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Sist veke kåra Norsk kritikerlag Cathrine Krøger til Årets litteraturkritikar.
– Ho er kompromisslaus, risikosøkjande, uredd, usnobbete, modig og uthaldande, slo juryen fast.
I tjue år har Cathrine Krøger vore litteraturkritikar i Dagbladet. Ho har ikkje tal på kor mange bøker ho har meldt, men det er mange.
– I periodar har eg meldt tre–fire bøker i veka, og opp til fem i eit par ekstreme veker. Du får ein teknikk etter kvart. Eg er A-menneske og treng ikkje mykje svevn. Vekkjarklokka står stort sett på halv fem. Det er då eg skriv, for då er eg klar i hovudet. Så les eg om dagen og utover kvelden.
Lærebokdebatt
No melder Krøger ei eller to bøker i veka, og det finn ho passande. I tillegg skriv ho for Prosa og arbeider som nyutdanna sjukepleiar på Ullevål universitetssjukehus.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.