Olav Engan (1926–2022)

Olav Engan skaffa startkapitalen tril Dag og Tid.
Olav Engan skaffa startkapitalen tril Dag og Tid.Olav Engan skaffa startkapitalen tril Dag og Tid.
Publisert Sist oppdatert

Den fyrste disponenten i avisa er død. Olav Engan er kalla «far til Dag og Tid», og det med rette. Det var han som skaffa startkapitalen til avisa, og som fekk ut det første prøvenummeret for 60 år sidan, med Arthur Klæbo om redaktør.

Engan hadde den optimismen og det pågangsmotet som var naudsynt for å lukkast. Dei som framleis minnest ferda hans landet rundt for å selja aksjar og skaffa tingarar, nemner mannen med gitaren. Han skapte glede kring seg kvar han kom. Det var ikkje lett å seia nei når Engan spurde om hjelp til å skipa ei ny landsdekkjande avis på nynorsk.

Men det kosta å laga avis, den første aksjekapitalen vart ryr, og tingarane var ikkje så trufaste som styret og dei tilsette hadde rekna med. Så var det å byrja på nytt att, skaffa meir aksjekapital, selja abonnement og lysingar.

Dei første driftsåra var turbulente, med fleire redaktørskifte og tingarar som sa opp av ulike grunnar. Det var gode argument for å gje opp, men det var utenkjeleg for Engan. Idealismen rådde, dei tilsette og ungdomane i styret stødde opp om ny driv, og den alltid optimistiske disponenten bretta opp ermane og gauv på med ny kraft.

Ein kunne tru at berre eit råskinn av eit menneske kunne stå i det, men det var ikkje Engan. Dei som arbeidde saman med han i denne tida, nemner han som mild og snill, ein godlynt venesæl mann som aldri gav opp, men jamt fann ei råd om det såg aldri så mørkt ut.

Olav Engan kom frå små kår, han voks opp på eit småbruk i Ogndal og laut ta del i arbeidet frå han var liten gut. Han fekk det med seg frå heimen at det vart ei råd, berre ein stod på og gjorde det som trongst. Nokon vidaregåande skulegang var det ikkje råd med, men han var gløgg og lærenæm og øvde seg opp i god språkføring. Nynorsken låg hjarta hans nær, og kampen for målsaka og nynorsk bruksspråk var det som dreiv han, også då han kom til Oslo som skrivar i Noregs Mållag, 33 år gamal. Det var den posisjonen som førte han vidare til pionerinnsatsen for Dag og Tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement