Kommentar
Ord for ord
Bør det vera greitt å plagiera berre litt?
Sjølvsagt finst det grader av brotsverk – det er verre å rundstela ein kåk enn å ta berre stereoanlegget. Men fortel du ungane dine at det er OK å stela lite grann? Bør dei læra seg at det er greitt å ta nokre snarvegar sjølv om det strengt talt ikkje er lov? Kjapt overført til skriving: Er det noko som er meir OK å plagiera enn anna?
Daniel Butenschøn vart teken for juks i Dagens Næringsliv, Håvard Nyhus det same som kommentator i Bergens Tidende. Til og med redaktør Helge Øgrim i fagbladet til journalistane, Journalisten, måtte vedgå å ha omsett heile avsnitt frå utanlandske artiklar. For nokre dagar sidan kom nok ei plagieringssak for dagen, denne gongen litteraturkritikar i Bergens Tidende, Silje Stavrum Norevik. Ho hadde kopiert store delar av innhaldsoppsummeringa til ein kollega i Dagsavisen og i si eiga melding. Ho vart oppsagd på dagen og la samstundes ut ei orsaking, både i avisform og på Facebook-sida si. Støtteerklæringane har sete laust. Det skal utvilsamt løna seg å vera ærleg om feilskjera sine, og gode vener stiller opp i tjukt og tynt, som dei skal, særleg på den private sida hennar. Å skilja sak frå person er på sin plass, men la ikkje saka forsvinna av den grunn.
Handlingsorientert
«Det dreier seg særlig om passasjer knyttet til handlingsreferat eller beskrivelser av bøkene, og handler om at jeg har tatt noen snarveier i arbeidet med å presentere bøkene for leserne.» Ho har valt å presisera at ho angrar på å ha gjort det, men peikar så på at meiningane om boka, altså den eigentlege dommen, er skriven av henne åleine. Og dette har falle folk langt lettare, viser det seg. Somme synest til og med at ho burde få halda fram i jobben, sidan det var så lite alvorleg. Men då kjenner eg at på vegner av kritikarstanden, som eg sjølv så audmjukt tilhøyrer, vert kraftig irritert. Det å skriva kva boka – eller filmen, i mitt tilfelle – handlar om, kan kanskje verka som plankekøyring, men dette er både vanskeleg, tidkrevjande og ofte beint ut kjedeleg. Viss me skal byrja vektleggja ulike delar av ein tekst som meir innanfor å plagiera, er me ute å køyra. Berre det at ein kritikar vel å lesa kva andre meiner om boka før ho eller han set seg ved datamaskina, er ei svært underleg tilnærming til stoffet. Det styrker iallfall ikkje meldarstanden, som i utgangspunktet er ein stand som går for å ha integritet.
Prinsippfast
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.