Musikk

På eitt bein

Om ikkje Jan Eggum alltid hadde vore så sta og kontrær, kunne han ha enda som bibliotekar eller lærar. Det siste ville blitt ein katastrofe for alle partar, medan det sterke samlargenet hans kunne funne seg til rette blant bøker.

Jan Eggum fyller 70 år i desember og markerer det med både bok- og musikkutgjeving.
Jan Eggum fyller 70 år i desember og markerer det med både bok- og musikkutgjeving.
Publisert

Den 8. desember fyller bergenstrubaduren 70 år, og feiringa er alt i gang med lanseringa av noko han vekselvis omtalar som memoarar og sjølvbiografi. Så langt har alt gått bra er ført i pennen av musikkjournalist Geir Rakvaag, men His Master’s Voice er tydeleg gjennom heile forteljinga. Og feiringa held fram med nytt album i november og tre utselde hus i Grieghallen i desember. Til overmål er alt «Eggumen» har publisert av songar, 350 i talet, samla og kommentert i Sanger fra vest litt tidlegare i haust.

Han som til no har hatt tre bein å stå på – tekstforfattar, komponist og artist – vil frå kommande år freiste å stå mest på det eine beinet. Planen er å berre skrive melodiar, han har alltid eit lager i hovudet eller på PC-en. Økonomisk er ikkje risikoen stor, Eggum tener feitt på det han alt har ute, og som blir hyppig spelt.

– Når eg blir sytti, skal eg lage instrumentalmusikk, plukke frå det store lageret mitt av melodiar og setje materialet saman slik at det kan spelast av alt frå kvartettar til fullt symfoniorkester.

Notar kan han ikkje, så han må finne ein annan metode.

– Eg har funne ein app, som er den enklaste forma for arrangering. Ein annan app kan «omsetje» song til musikk spelt av det instrumentet du ønskjer. Det betyr at eg kan syngje firstemt med meg sjølv og få det til å låte som ein strykekvartett. Genialt! Det er dette eg skal gjere i 2022. Mykje aktivitet er det som held meg i live.

Trubaduren, som i mange år sleit med flyskrekk, har stort sett skrive tekstar på tog og kafear, og musikk på hotellrom og heime med gitar eller piano. Han syner fram mobilen og skrollar ned om lag 300 enno ubrukte melodiar som berre ventar på ein tekst, eller – heretter – kanskje kan koplast saman til eit større musikkverk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement