Litteratur
Profet i eigen by
Georg Johannesens evne til å mobilisere var viktigare enn sakene han tapte. Og lyrikken hans vil leve lenge, meiner Alfred Fidjestøl, som er ute med biografi om poeten, politikaren, akademikaren og barrikadestormaren.
Georg Johannesen heime ved arbeidsbordet i 2003.
Foto: Per Anders Todal
Biografien har fått tittel etter ei av dei mest siterte diktlinjene til Johannesen: Innerst i hjertet har jeg min forstand. Alfred Fidjestøl tenkte, då han fekk oppdraget, at Georg Johannesen måtte bli eit godt biografiobjekt. Han har dukka opp i så mange ulike samanhengar. Samstundes meinte biografen at det var noko uavklart over Johannesen og den posisjonen han hadde hatt i det offentlege.
– Han var ikkje ein av desse som folk føler dei har godt tak på. Det såg eg som eit perfekt utgangspunkt for å gå inn i eit slikt prosjekt.
– Som boka di syner, var Johannesen vikla inn i tallause kvinnehistorier. Kva fortel det om han?
– Framfor alt at han hadde karisma, og det gjeld både kvinner og menn. Mange menn fortel at ein-til-ein-møta med Georg Johannesen var noko heilt spesielt. Det var tydelegvis noko ved utstrålinga og nærværet hans som gjorde inntrykk på folk – og som gjorde at mange kvinner fall for han. Nokre av desse kvinnehistoriene har blitt viktige i boka mi fordi dei kastar lys over litteraturen hans.
– Mykje av det Georg Johannesen har skrive, er meir sjølvbiografisk enn vi har trudd?
– Eg har funne mykje som er sjølvbiografisk – og sjølvgeografisk. Han skriv gjerne om stader han har vore på. I boka har eg prøvd å gi nokre av dikta hans ein ekstra dimensjon ved å knyte an til det sjølvbiografiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.